Streaming av begravelser

-Ka skal du i morgo?

-Eg skal i begravelse.

-No igjen?

Nøyaktig slik kan ein samtale fortona seg om dagen. Og eg skal innrømma at eg syns det er kjekt å væra i begravelser.

Ka sa du, sa du?

Nei, eg har ikkje et morbid forhold til døden og går i tilfeldige begravelser for å tilfredstilla et eller anna hinsides behov. Men eg er i fleire begravelser enn vanlig fordi det er jobben min. Og jobben min - den er verdens beste. Streaming av gudstjenester, konserter, begravelser og møter. Kva som helst. Fange opplevelser på film er det kjekkaste eg veit.

Den tunge stunda

Eg har jo som folk flest vore i begravelser tidligare som pårørande. Og det er jo ingenting i verden som er verre enn å ta avskjed med sine nærmaste. Heilt frå sjokket når døden inntreff til dagen då dette skal markerast med ein høgtidelig og verdig seremoni. Seremonien skal jo væra det endelige farvel. Og det er viktig at dagen blir så god som den kan få blitt. Den avdøde sitt liv skal markerast med historier, song, musikk, kjærlighet og trøstande ord frå presten - før ein bærer kista til grava.

Når ein sit der og kjenner på sorgen og smerter som kan væra uutholdelig, så virker det samtidig rart at både prest, organist og folk i begravelsesbyrået klarer holde seg profesjonell og ikkje bryte sammen og kjenne på dei samme følelsene som ein sjølv gjer. Korleis klarer dei det? Meir om det seinare.

Starten

Etter pandemien braut ut blei det store restriksjoner på deltakarar i kyrkjene. Plassane måtte rasjonerast og det var/er ikkje råd å fylla alle setene på grunn av krav om avstand. Nese Media blei derfor kontakta av Nordhordland Begravelsesbyrå om å kunna streama ein begravelse i 2020.

Ei meir overveldande oppgåve enn det er det nok ikkje mulig å få. Me hadde erfaring med streaming av gudstjenester og konserter tidligare. Men begravelser er jo på et litt anna nivå. Tatt i betrakning korleis ein sjølv har hatt det i begravelser som pårørande, ville eg nok ikkje hatt fleire faktorar tilstede som kunne forstyrra eller potensielt gjort dagen verre.

Og korleis vil ein sjølv reagere når ein kjem inn i kyrkja, ser på kista og ha med seg tidligare opplevelser inn?

Jobb

Eg oppdaga egentlig raskt at det gjekk heilt fint. Med fokus på arbeidsoppgaver, detaljer, justeringer, lydsjekk og backupløsninger gjekk tida fort. Eg havna i ei konsentrasjonsboble med et stort fokus på detaljer for å kunna skapa ein så verdig og fin seremoni for dei som ikkje kunne væra tilstede.

Med streaming er det full konsentrasjon heile tida på detaljer som lyd, båndbredde, kameravinkler, fokus og å finne neste motiv. Det er omtrent som ein eksamen. Ein har berre ein sjanse til å gjere det bra. Og bra - det må det være.

Som pårørande som ser seremonien på ein skjerm er det ødeleggande om streamen er full av hakking, dårlig lyd og bilder ute av fokus. Det fortjener ingen. Derfor skal ein alltid gjere det beste ein kan for å eliminere tilfeldigheter som kan skape ein dårlig opplevelse. Det skal alltid ligge i bunn uansett publikum.

Kun det beste er godt nok. Derfor har me investert 300 000,- i utstyr som me har med oss på kvar einaste streaming-jobb.

Potensielt kan seremonien sjåast av fleire hundre personer. Og alle desse skal få kunna ta del i det som skjer i kyrkja på ein god måte. Og for å få ting godt, er ein avhengig av dei som jobber med dette kan sine saker og gjer det dei skal. Og det er derfor både byrå, organist, prest og kyrkjeverje klarer å gjere jobben sin uten å la seg påvirka av situasjonen i stor grad.

Erfaring

Etterkvart har det blitt fleire seremonier å streame. Både i 2021 og 2022. Erfaringa er svært nyttig å ha med seg. Oppsettet er ganske fast med kamera, lyd og kabler. Ting går raskare å sette opp. Ein har fått sett mange flotte kyrkjer i Nordhordland og hørt mange vakre taler.

Meland kyrkje

Det er ikkje å koma frå at ein ikkje er like upåvirka heile tida. Nylig var eg i ein begravelse i Meland kyrkje som det ikkje var mulig å ikkje la seg påverke av. Ein yngre mann var gått bort. Og det var lett å kjenna på smerten som alle dei andre i kyrkja bar på. Heldigvis, nær sagt. For det var også godt å oppleva at empatien og medmennskeligheten trumfer det aller meste uansett kor fokusert ein er.

Etter pandemien

Døden kjem ein ikkje utenom. Det er ein del av livet. Det vil alltid væra begravelser. Kvar veke.

Men vil streaming av seremonier også være like aktuelt når pandemien ein gong slepp taket?

Spør du meg så vil eg jo sjølvsagt seie ja. Men det er ikkje berre fordi det er ein jobb. Men eg ser også verdien av dette for dei pårørande.

Me er svært selektive i kva me filmer under ein seremoni. Slik at dei pårørande skal få kunne være seg sjølv og ikkje la seg distrahere av kameraer og mikrofoner. Me filmer kun dei som snakker, synger og speler. Når kista blir bært ut slutter me å filme når ein begynner å gå mot utgangen. Alt dette kan avtalast på forhånd korleis ein ønsker det. I tillegg tar me liten plass. Me holder kamerane bak i lokalet for å ikkje væra til sjenanse.

Folk har jo kanskje ein stor vennekrets, mange bur kanskje mange mil vekke. Nokre i utlandet. Nokre er kanskje for sjuke eller svake til å flytta på seg.

Begravelser for pårørande er jo ein ganske mørk dag. Ein får kanskje ikkje med seg alt som skjer i kyrkja. Kva som blei sagt i talane, kva song var det som blei sunge? Kva sa egentlig presten?

Med streaming får alle sjansen til å delta. Og dei pårørande får også tilsendt sendinga som dei kan sjå i fred og ro når dei måtte ønska det.

På den måten vil ein kunne bevare dei flotte minneorda, songen, musikken og dele på opplevelsen i ettertid.

Du kan lese meir om våre tjenester her.

Forrige
Forrige

Kom deg ut - dagen

Neste
Neste

God Jul, You Filthy Animal!