Eksingedøl går i dybden på barnefattigdom i Norge
Maria Lavik (36) er fødd og oppvaksen i Eksingedalen. Med det som bakteppe hadde ho difor alle forutsetningar for suksess då ho etterkvart flytta til Oslo - og seinare gjorde journalist av seg. No som nyhetsjournalist i Vårt Land. Lavik er no brennaktuell som forfattar med si første bok; “Vi, dei fattige” - der ho skildrar 8 historiar om barnefattigdom.
Lavik brenn for nynorsk og har Ivar Aasen som sitt største idol. Difor er det inga overrasking at boka også er på nynorsk. -Eg har alltid skrive på nynorsk. Har nesten aldri skrive ein tekst på bokmål. Det hadde vore rart å skrive boka på bokmål, seier Lavik. Samtidig seier ho at ho ikkje akuratt har drømt å om skriva bok. -Nei, men å kunna jobba med et prosjekt over tid har vore noko eg har hatt lyst å gjere.
Maria Lavik er klar med boka “Vi, dei fattige” (Foto Tove K. Breistein, Samlaget)
Korleis er det å kunna gi ut ei bok?
-Det er ein stor følelse. Eg har sett denne teksten i to år på skjerm. Det er ein god følelse å holda i ei bok. Dei seier jo at med aviser så blei dei papir på utedoen. Bøker blir bedre tatt vare på enn aviser, seier ei stolt Maria Lavik som nettopp har henta boka på forlaget.
Boka hennar tek opp barnefattigdom, familier som lever under fattigdomsgrensa i Norge. -Eg har intervjua 8 familier der dei fortel om liva sine. Deretter kjem eg inn med litt tanker, egne opplevelser og forskning innimellom. Men det er familiene sine historier som er den viktigaste delen av boka, seier Lavik.
Kortid fann du ut at det var dette du ville skrive om?
-Det begynte det året eg var i Sør-Afrika og studerte. Då såg eg mykje fattigdom - rikdom og rasisme på nært hold- og det var då eg såg kor ødeleggande det var for et land med store forskjellar. Når eg kom tilbake til Norge skreiv eg kommentarar om fattigdom. Så no fann eg ut at eg ville gå tettare på for å skildra korleis fattigdom i Norge er i dag.
Kor trykker skoen her til lands?
-Det er et veldig godt spørsmål. Boka handler ikkje så mykje om løysingar. Men meir å skildra korleis fattigdom påverkar dagliglivet deiras. Så målet mitt med denne boka er at politikara og folk med makt skal forstå kor øydeleggande fattigdom er for folk. Og at det er et moral-etisk problem for oss som nasjon at det er 115 000 barn som veks opp under fattigdomsgrensa. Og slik kan me ikkje ha det.
Lavik fortel vidare at boka er meir ein problembeskrivelse enn forslag på løysing. Men om ein skal ta noko ut av det så er det å kunne ha forutsigbarhet på inntekter for å kunna leva meir normalt. -Spesielt alle stasjonane før uføretrygd er ganske ustabile. Og folk opplever at dei mister inntekta si over tid. Og at dei ikkje forstår kva dei må gjera for å få forskjellige type ytelser frå NAV, seier Lavik. -Om me vil at folk skal jobba her i landet er det viktig at dei jobbane ein har er godt nok betalt.
Kva historier har satt ekstra djupe spor?
- Elena og Sofie gav inntrykk. Mora, Elena, har oversikt over dei ulike dagane og lokasjonane dei ulike tilbuda for mat og klær blir tilgjengelig, via Fattighuset, Frelsesarmeen og andre. Det er trist å be om hjelp. Å ikkje kunna tjene pengar nok til å klara seg sjølv. Dåttra Sofie på 6 år utagere på skulen, søker voksenkontakt, slåss og er ikkje er så snill med dei andre ungane på skulen, fortel Lavik. -Det tenker eg at er på grunn av at ho ikkje føler seg så trygg. Ho fortel også at Sofie er veldig aktiv og har lyst til å svømme. Men at det ikkje er så stor plass i heimen. Dei bur berre på 29 kvadrat. Og dei går mykje heime no under korona. Og då blir det intenst i ein liten leilighet. Og det er ekstra spesielt for dei som har lite plass og bur i byane.
Begynte på prosjektet før korona-pandemien
Korona har påvirka prosjektet negativt sidan det var folk eg skulle møtt som eg ikkje fekk møtt. Det har også påverka på den måten at folk eg har fulgt har fått det endå verre under pandemien, seier Lavik.
-Ein gut som heiter August som eg føl, som er 13 år, havna i fosterheim under dette prosjektet. Det heng blant anna saman med at dei gjekk “oppå” kvarandre i den vetle leiligheten, fortel Lavik. Det oppstod mange konfliktar. Då havna August i ein midlertidig fosterheim. -Det var spesielt, for August er ein kreativ gut som likar å mala, tegna og har mange ting han liker å driva med. Men sidan dei hadde så dårlig råd heime fekk han ikkje muligheten til det. Men etter at han havna i fosterheim fekk han plutselig mulighet til å driva med hobbyane sine. Det er veldig spesielt at det egentlig kom noko godt ut av dette. Slik burde det egentlig ikkje vore meiner eg, seier Lavik.
Koronapandemien gjorde ting mykje verre for familiene Maria Lavik intervjua til boka si. (Foto: Tove K. Breistein, Samlaget)
Forutsigbar inntekt kan væra nøkkelen
Mange av dei Lavik har snakka med har tatt opp muligheten for meir forutsigbarhet. -Ei mor som heiter Mona har nyleg fått uføretrygd og dermed fått meir forutsigbarhet i kvardagen sin. Dåttera Andrea har komt seg inn på ei danselinja. Blitt meir enn del av et ungdomsmiljø og blomstra litt. Det bærer håp i seg når ein ser ein slek historie, seier Lavik.
-Her er pengane du skal få i år. Det kunne NAV gjort. Det hadde gitt folk meir forutsetningar for planlegging og kunna vita korleis neste månad er, seier Lavik. -Det skaper usikkerhet og stress hjå foreldra. Dei klarer ikkje bli dei beste omsorgspersonane når dei heile tida må stresse med økonomien. Ingen av dei eg har intervjua i boka visste kor mykje dei til eikvar tid dei hadde å rutta med.
Store konsekvensar
Maria tek også opp korleis fattigdom i familier påverkar ungane. -Ungane har større sjanse for å utvikle større psykiske helseproblem enn andre barn i familier med “vanlig” økonomi. -Det er nokre tal som er ganske sjokkerande her. Fattige barn er meir utsatt for ting som ADHD, angst, hyperaktivitet, språk og lærevansker, søvnproblem og vold. Dei har også større problem med å halda på venner. Ungar som opplever at familien har dårlig økonomi er 5 ganger meir utsatt for vold, 3 gangar meir utsatt for psykisk vold og førekomsten av psykiske lidningar er 5 gangar høgare hjå barn i fattige familier, seier Lavik og legg til at slik skal det ikkje være. -Det er ganske sjukt, legg ho til.
Kva effekt trur du boka kan ha? Kan polikarane få nokre a-ha-opplevelser av å lesa boka?
-Eg sitt ikkje med svara. Eg skriv denne boka for å fram kor alvorlig situasjonen er når 115 000 barn veks opp under fattigdomsgrensa. Denne boka er mest et varsko om at dette ikkje er bra. Og slik kan me ikkje ha det. Eg håper dette kan være med å sette dagsorden før valget om å få meir fokus på problemet, seier Lavik.
Korleis er lanseringsplanane?
-Eg er invitert på Arendalsveka av Redd Barna der eg skal snakke om boka og situasjonen som er i dag. Og så håper eg at eg blir booka på kulturhus framover, kanskje på biblioteket i Modalen når det åpnar opp, avslutter bokdebutaten.
Du kan kjøpa boka “Vi, de fattige” på Samlaget sin nettbutikk allerede no.