Butikken som er åpen 365 dager året

Visste du at i verdens vakreste dalføre (sorry Modalen) får du meir enn berre vakker natur? På Lavik i Eksingedalen er det ein dagligvarebutikk som holder åpent 365 dager i året. Og for første gang kan du no ta deg ein runde i butikken også om natta. Digitalt.

Nøkkelen er bankkortet ditt.

Eksingedalen Snarkjøp er rett og slett ein oase i et paradis som kan redde deg frå dei verste svolt og godtesug-katastrofer. Mange kjenne seg nok igjen i scenarioer der ein er tom for snus, tom for sjokolade, tom for melk eller mangler et eller anna som ville gjort livet et par hakk bedre der og då. Tidligare har dette vore ein smal sak om ein bur i byen. Men for oss som har vakse opp i et litt meir ruralt område har ein vore prisgitt god planlegging for å ikkje havna i uføre når klokka bikker 17.00.

Fleksibilitet til å handle når det passer skal ein ikkje undervurdere. Og på Lavik kan du faktisk handle når alle andre butikker holder stengt. Om det er 1. juledag, 17. mai eller påskedag speler ingen rolle. Einaste du treng å bry deg med er å møte opp mellom 09.00 og 00.00.

Om du lurer på korleis dette er mulig kan du få et inntrykk gjennom denne virtuelle omvisninga under. Nøkkelen ligg sjølvsagt i at butikken er sjølvbetjent. Der du finn varene du skal ha, scanner, betaler og deretter scanner kvitteringa for å låse deg ut. Så enkelt og genialt. Klikk på dei forskjellige punkta i omvisninga for å få meir informasjon - og kanskje inspirasjon til neste handel.

Denne omvisninga har faktisk - om mulig - endå bedre åpningstider enn butikken. Her kan du besøke butikken virtuelt heile døgnet. Og ser du noko du får lyst på, og det ikkje er natt - så er det berre å ta ein tur.

Oppsummert:

  1. Registrer deg med et bankkort for å åpne døra (tap eller sett inn kortet i terminalen). Tast inn koden. Det blir reservert 1 kr på kortet ditt. Når displayet lyser grønt kan du åpne døra.

  2. Finn varene du skal ha.

  3. Gå til kassen og scan varene.

  4. Om det ikkje er strekkode kan du søke opp varene. Bruk touchskjermen for å søke på frukt & grønt og bakervarer. Varene som ikkje har strekkode vises med både tekst og bilde på skjermen. Skjermen behandler du på samme måte som når du trykker på telefon eller ipaden din.

  5. Betal.

  6. Kvitteringa kjem ut automatisk. Den har ein strekkode nederst.

  7. Gå til døra du kom inn og scan den strekkoden på lesaren. Døra åpnes.

  8. Om du skal ha alkohol eller tobakk får du også det. Men då må du være registrert med fingeravtrykk på forhånd. Kontakt betjeningen på dagtid.





Forrige
Forrige

Alt du trenger å vite om å hyre en bryllupsfotograf: Priser, varighet og valg av rett fotograf

Neste
Neste

Kom deg ut - dagen