Er “Fager er jordi” Heges julefavoritt?
Det finst heldigvis ting i livet ein ikkje treng bruka særlig tid og energi på. Å koma på at Hege Eide Vik skulle synga “Fager er jordi” på sesongens julesong frå Nese Media, var like lett som å plassere Maradona på tidenes drømmelag. Men er eigentleg “Fager er jordi” hennar favoritt julesong?
Hege Eide Vik er til daglig travel med rolla som ordførar i Vaksdal kommune for Senterpartiet. I denne perioden med pandemi er det nok ekstra krevande å få tidskabalen til å gå smooth. Men ved hjelp av digitale kommunikasjonsmiddel og innspelingsutstyr gjekk innspeling av vokalen raskt unna, og etter Nese Medias meining fantastisk bra - ein lørdag formiddag i november.
- Innspeling av lyd var fort gjort. Det er alltid ting ein kan gjere betre, og heilt fornøgd med eigen innsats vert eg sjeldan, men eg syns miksen og det samla resultatet er bra, seier Hege.
Hadde ikkje møtt bandet før videoinnspeling
Når musikken og videoen til nyinnspelinga av “Do they know its christmas” blei gjort i 2004 var det nok et fåtall artister som møttes felles i studio til innspeling. Slik var det også med denne innspelinga. Teknologien og metodene i dag lar ein kunna produsere godt innhold uansett kor ein er. - Innspelina av video gjekk fint, seier Hege. - Det var effektivt og godt planlagt av Lars Ørjan. Og sjølvsagt ein bonus å kunna treffa bandet i og med at me ikkje møttes under innspelinga av låta.
Første gang med på musikkvideo
Eit supertalent (red. anm) som Hege skulle ein kanskje tru har figurert i utallige tv og videoproduksjoner opp gjennom. Men dette var faktisk hennar første opptreden i ein musikkvideo. -Eg har aldri spelt inn musikkvideo før, så det var ei ny erfaring. Det har vore spennande å vera med i eit nytt samarbeid, og eg trur resultatet vert godt, seier Hege.
Favorittsong
Men kva er eigentlig Hege sin favorittjulesong? Kan det væra “Fager er jordi”? -Denne songen er heilt klart ein av favorittane, men om eg må velga ein absolutt favoritt må det bli “Det lyser i stille grender”. Og det har den vore så lenge eg kan hugse, seier Hege.
Så får me sjå om me klarer lokke ho med på ein versjon av denne songen ved et seinare høve. For den er også ein av favorittane til undertegna. - Eg syns det er veldig kjekt å få vera litt songar innmellom, og eg er gjerne med på fleire prosjekt om eg har anledning, avslutter gullstrupa på Stamnes.
Songen er tilgjengelig i lydformat søndag morgen. Videoen vil komme når mørket senker seg utover dagen.
Seinare i desember vil me fortelle og vise litt korleis ein i praksis gjer ei innspeling av musikkvideo - og korleis ein jobber med den i etterkant.