Julekonsert i Mo kyrkje
Førstkommande lørdag klokka 17.00 blir det konsert i Mo kyrkje i regi av Mo sokneråd. Både lokale og eksterne artistar opptrer i det som må kunna seiast å bli et høgdepunkt no i førjulstida.
Programmet blir variert med både lokale og eksterne innslag. Songkoret Spleis frå Masfjorden bidreg med korsong, Kjersti Wiig og Gro Sandnes for solosong, Antje Meyn på fløyte, kulturskulen og barnekoret får ansvaret for sette deg i julestemning denne ettermiddagen. På piano og orgel vil ein kunna høyra den ettertrakta organisten Frode Skag Storheim
Dei som leiar showet er Jonas Nese og Hella Våge Trohaug.
Om ikkje alt dette får deg opp av stolen og til kyrkja på Mo, kan du streame konserten direkte på våre live-sider.
Og yes - du får høyra “O’ helga natt”
Arrangøren følger dei siste smittevernsreglene. Ein får tilvist plass, munnvbind og må registrere seg i inngangen.
Barnekoret forbereder seg på konserten i Mo kyrkje
Kjersti Wiig vil blant anna bidra med solosong