Kalenderen er klar!

Etter at Molvik Grafisk leverte trykking i verdensklasse og tempo - og fekk postlagt kalenderen i forrige veke - skulle det ikkje stå på utålmodighet frå underteikna om å få satt nevnane i neste års trykte kalenderutgåve av Modalskalenderen.

Til alt hell var også Posten og Bring svært utålmodig med å få svingt seg rundt - og tok umiddelbar affære i å få frakta det 50 kilos tunge kolliet dei 80 kilometrene til Modalen. På berre seks dager fekk dei transportert kassane inn til den korona-frie dalen (sarkasme & jinx) 👏🏻

Og no er altså kalendaren kome i hus. Og Nese Media er svært fornøgd med resultatet. Det blir liksom noko anna å få tatt og følt på et ekte eksemplar i papir enn berre å forholda seg til skjerm.

Kalenderen for 2021 har som kalendere flest 12 måneder + første måned i 2022 - i tilfelle du ikkje klarer å få tak i ein ny før nytt år er i gang. Kvar måned i 2021-versjonen er smukka med bilder og værmelding(!) frå årstidene i dalen. Både folk og natur er med. Og et og ant fe.

Om du gleder deg til å kjøpe/få/sjå kalenderen så lover me å få overlevert den til oppdragsgivaren så fort som mulig, slik at Modalens velfungerande distribusjonsnett blir satt i sving.

Ris og ros om kalenderen kan rettast til post@nesemedia.no eller på Facebook Messenger.

Forrige
Forrige

-Garanterer minst to likes

Neste
Neste

Me lover deg gåsehud til jul*