Satte fredagstacoen fast i halsen

- Det er synd at dei fleste kjem til å sjå denne via mobil, seier Øyvind Flatekval - etter at han har avlagt sin dom over julesongproduksjonen han er ein del av.

YouTube-serverene har fått kjørt seg siste døgn når det er blitt lasta opp både den eine og andre versjonen av den omtalte julesongen som Nese Media gir ut i år. Ikkje få arbeidstimer, båndbreddekapasitet, kilowattimer, prosessorkraft og personell har vore involvert i storproduksjonen som no nærmer seg utgivelse neste søndag.

Veldig skeptisk

Øyvind Flatekval, som tidlig fekk ei sentral rolla i prosjektet, innrømmer at han var skeptisk når Nese Media begynte å gjera alvor av innspelinga. -Me har jo snakka om dette et par år no, så før eller seinare måtte eg nok til pers på dette her, seier Flatekval, uten å utdjupa kva innehavaren av Nese Media har på han.

Øyvind Flatekval (til venstre) under innspelinga i Dale kyrkje. (Simon Flatekval (på trommer), Hege Eide Vik (vokal) og Ole-Christian Tøsse (bass)

Øyvind Flatekval (til venstre) under innspelinga i Dale kyrkje. (Simon Flatekval (på trommer), Hege Eide Vik (vokal) og Ole-Christian Tøsse (bass)

Trompetfanfare utgjorde forskjellen på bra og fantastisk

Underveis i innspelinga i Lydetaten sitt studio i Knarvik begynte det for alvor å gå opp for den unge eksingedølen at dette faktisk var liv laga. - Lars Ørjan hadde lagt rammene for innspelinga på korleis han ville ha det. Og når det var på plass innsåg han at dette blei så bra at han kunne få prikken over i’en til slutt, seier Øyvind entusiastisk. -Daniel Hauge begynte å mixe medan me var der. Og ved hjelp av Daniel sine ferdigheter på diverse instrumenter fekk Lars sin tilsynelatande største draum oppfyllt - nemlig trompetfanfarer, avslører Flatekval.

Ein stor takk til kyrkjeverja i Vaksdal

Innspelinga gjekk føre seg i Dale kyrkje på torsdag. Ein stor takk må rettast til kyrkjeverje i Vaksdal - Bjart-Magnus N. Rosvold for å stilla kyrkja til disposisjon for innspeling. Det er kjempefint når folk ønsker å bidra og legge til rette for at draumar kan gå i oppfyllelse.

- Har sett meg sjølv på repeat 20 gangar sidan i går

Ei av hovudutfordringane med produksjonen er å få gitarsoloen i sangen til å sitta 100%. Her meiner Flatekval at alle brikker no har falle på plass. -Eg visste eg kunne briljera på gitar i dei seine nattetimer - men at eg kan framstå som sjølvaste Jimi Hendrix i beste sendetid i ei andektig setting hadde eg ikkje sett for meg, seier Øyvind Flatekval - og legg til at han satte fredagstacoen fast i halsen når han såg songen på TV-skjermen. -Det er synd at 90% kjem til å sjå denne på mobilen. Denne produksjonen fortjener virkelig topp lyd og stor skjerm for å kunna nytast til fulle. Eg har sett meg sjølv minst 20 gangar sidan i går kveld, avslutter han.

Songen blir tilgjengelig i alle streamingkanaler søndag 29. november.


Forrige
Forrige

Her er navnet på årets julesong

Neste
Neste

-Garanterer minst to likes