Slik lagde vi “Fager er jordi”

Å produsere ein song er både lett og vanskelig i dag. Lett i den forstand at teknologien gjer dette mulig at det kan produseres for ein forholdsmessig billig penge i forhold til korleis det var tidligere. Men vanskelig i og med at ein treng å finna kvalitet i alle ledd. 

Med «Fager er jordi» blei det ikkje spart på noko - hverken i produksjon, kvalitet på personell eller gjennomføring. Nese Media hadde et klart bilde av korleis ein ville at den kjente julesongen skulle høyras ut. Dette er viktig i forhold til sluttresultatet. Har ein et klart mål med produksjonen blir det lettare å forklara dei andre involverte, samt at filming og redigering går effektivt. Og det var to elementer med songen som var udiskutable for Nese Media: det skulle væra et heilt mellomvers med gitar - OG det skulle væra trompetfanfarer på siste verset. 

Sjå bakomfilmen i klippet over.

Øyvind legg på et av sine gitarriff i studio

Øyvind legg på et av sine gitarriff i studio

Ute i studio hos Lydetaten AS i knarvik blei musikken spelt inn i slutten av oktober. Først “kompa” bass og gitar for å gi trommisen, Simon, noko å spela etter. Deretter la Ole Christian på bass - før Øyvind avslutta med fleire gitarer oppå kvarandre. Samarbeidet mellom dei strengspelande medlemane var godt - heilt fram til Ole Christian small igjen ei dør. Onde tunger vil ha det til at han blei lei av gitaristens gjentagande traktering av monsterhits på gitar. Men heldigvis blei dei fort venner igjen når Øyvind gav Ole det siste pizzastykket

Innspeling av vokal - enkelt når ein har dei beste tilgjengelig

Ei veke seinare møtte me vokalisten Hege heime hos ho sjølv - og spelte inn vokalen på kjøkkenbordet hennar. Med godt lydutstyr og song lot innspelinga seg gjennomføra på ei tagning. Måten det blir gjort på er at Hege har ein mix på øyra som er identisk i tempo og lengde som det sluttmixen skal bli. Deretter syng ho til den. 

Hege syng songen med musikk på øyra - samtidig som ein tar opp vokalen hennar.

Hege syng songen med musikk på øyra - samtidig som ein tar opp vokalen hennar.


Opptaket blei deretter sendt til Lydetaten for mix og mastring. Nokre få dager etterpå var det ferdige resultatet klart - og ein kunne begynne å gjere den klar for distribusjon i alle musikkanaler som Spotify, Apple Music og Google Music. 


Filming av musikkvideo

Neste post på programmet var å spele inn musikkvideo. Me fekk lånt kyrkja på Dale til dette. Det blei kjøpt inn lysutstyr til anledninga. To sett med scenebelysning og ein moving-head for å kunna få litt farga lys med bevegelse i. 

Måten me speler inn musikkvideo på er veldig enkel, på samme måte som den er avansert: songen blir spelt på høgt volum fra ein høgtalar i kyrkja. Samtidig mimer bandet til musikken. Utfordringa med dette er at trommene ofte har ein tendens til å spele høgare enn musikken - noko som gjorde at Simon måtte tone litt ned på slaga sine. 

Me måtte også tona ned litt på ambisjonane med planane - då det kun var mulig med 5 stk i kyrkja samtidig pga korona. Noko som førte til at underteikna sjølv måtte stå for trompeten..

Det blei gjort 15 gjennomspelinger av songen i ulike vinkler, både med drone, statiske kameraer, mini gimbal og stor gimbal - samt ein rekke forskjellige objektiv (56 mm, 16 mm, 50-140 mm)


Redigering av film

Deretter var det på kontoret for å redigere og klippe. Ved å bruke Apples Final Cut Pro på ein iMac Pro er det ein leik å sy sammen alle klippa. Programmet har ein funksjon som heiter Multicam. Det gjer at ein kan velge alle 15 opptaka - og synke det mot originalmusikken. Resultatet er at maskina sjølv matcher all lyd og bilde - slik at jobben blir å klippe ut overgangene mellom desse. 

Final Cut Pro - og god maskinvare gjer det lett å velge vinkler medan ein klipper

Final Cut Pro - og god maskinvare gjer det lett å velge vinkler medan ein klipper

På grunn av solid maskinvare kan ein faktisk ha 15 vinkler tilgjengelig på skjermen samtidig som ein plukker fra - uten at det hakker eller “lugger”. Det kan ein skrive under på at er uvurderlig.

Få andre til å ta ein titt på resultatet før ein publiserer
Når ein omsider er fornøgd sendes utkastet til dei andre medvirkande for å sjå om dei også synes det er bra. Til slutt står ein altså igjen med denne versjonen som du kan sjå under. Deretter var det å få publisert videoen på både Facebook og YouTube. I skrivande stund har den rundt 24 000 avspelinger på Facebook, 1 400 på Youtube og 1000 på Spotify. Resultat som me er svært stolte av.

Formålet bak produksjonen

Kva er formålet bak denne produksjonen spør du kanskje? Det er så enkelt som a) Lage noko ein kan sjå og høyre på fleire gonger sjølv. b) Lage noko som andre kan like. c) Bygge merkevaren Nese Media. Det siste blir ein naturlig bonus av dei to første punkta. Dersom begge dei to er på plass vil punkt C gå av seg sjølv. Godt innhold kan ein rett og slett ikkje få nok av. I tillegg var me så heldige at me fekk med oss ArkoConsult på Osterøy og Sparebanken Vest - som ville støtta dette prosjektet. Begge kjente aktører på Vestlandet. Takka væra deiras hjelp har Nese Media mulighet for å kunna gjere endå større og bedre prosjekt i framtida.

Kva kan Nese Media gjere for deg?

Har du ein idè om godt innhold - som kan få fleire til å få augene opp for di bedrift? Drømt om å spele inn musikkvideo, promofilm, instruksjonsfilm, forklaringsfilm, reportasje eller et live-arrangement? Nese Media har både utstyr og kompetanse til å hjelpe deg med et profesjonelt uttrykk. Ta kontakt i dag for ei effektiv, god og solid gjennomføring. 

Til minne om Kim Larsen ❤️

Forrige
Forrige

Black Rose

Neste
Neste

Høyr julesongen på Spotify