Koronakrigaren

Til daglig står Nina Toskedal (knappe 40 år!) i førstelinja for bekjempelse av korona-pandemien som helsesekretær i Vaksdal kommune. Og for å samle energi til dette elsker ho å pushe seg sjølv med motbakkeløp og fjellturer.

At yrket hennar i hovedsak dreier seg om korona, gjenspeiler mykje av livet til Nina for tida. Ho har rolla som koordinator i Vaksdal kommune sitt koronatestsenter, og drømmedagen hennar på jobb vil væra den dagen ho kan få sette vaksine på alle innbyggjarane i Vaksdal - OG at sjefen spandere lunsj. Og skal me tru ho rett så skulle Espen Nakstad (og Ryan Reynolds) vore lunsjdaten. Menyen ville nok bestått av kyllingspyd /scampi med peanøttsaus, supplert med Cola Zero og Rødvin (Valpolicella) til drikke, tonesatt av Maroon 5 i bakgrunnen.

Nina har fått god rutine på å dresse seg opp i smittevernsutstyr og påføring av antibac. Her er ho sammen med Sol Kari Terjesen.

Nina har fått god rutine på å dresse seg opp i smittevernsutstyr og påføring av antibac. Her er ho sammen med Sol Kari Terjesen.

Når ho ikkje stikk folk med nåler så bruker ho mykje tid på å leite etter mobiltelefon og bilnøklene sine. Når ho omsider klarer å finne desse, liker ho å gå til fjells eller springe motbakkeløp.

Nina bur på Stanghelle i Vaksdal kommune. Ein fin plass som ho trivst godt på. -Det beste med plassen eg bur på er at den ligg nært sjøen samt at det er mange fine merka stier i fjella i kommunen.

Når ho ikkje er på jobb, i fjellet eller leiter etter telefon og nøkler - så liker ho å slappe av med smågodt, Hobby eller Troika, og Dexter, Lucifer eller The Blacklist på skjermen.

Om du vil finne ut meir om Nina kan du klikke på spørsmåla under og sjå om du klarer å finne ut kva hennar største hemmelighet er. 🤫


Navn: Nina Toskedal

Lokasjon: Stanghelle

Alder: Knappe 40

Yrke: Helsesekretær

Terningkast på livet til no: 5

PhotoRoom_20210214_171738.jpg
Forrige
Forrige

Begjekk politisk sjølvmord og måtte flytte

Neste
Neste

Yrkessjåfør med slangeskrekk og sans for ein adla britisk artist