-Det er heilt bingo kven som vinner
Søndag 28. november arrangerer Øvre Helland Vel Julebingo via Zoom. Og her skal du få vita alt du treng om arrangementet og kva du må gjera for å bli med.
Søndag blir det både julegrantenning og bingo i regi av Øvre Helland vellag i parken på Øvre Helland. May Linn Tyssebotn Mo tenner, med stø hånd, «grana» presis klokka 17.00
Men ikkje før julelysa på julegrana(?) har rukke bli lunka og sukkeret frå nissen har gått til håve på ungane, må du skifte modus og slå på konkurranseinnsetinktet for å bli med på årets store Julebingo - direkte via Zoom kl 18.00.
Du kan melde deg på og få varsel om arrangementet via Facebook
Årets vert for Julebingoen er ingen ringare enn formannen for Øvre Helland vellag, Nathalia Osmo Yndestad (25). Etter den store suksessen som frontfigur i rekrutteringsfilmen for Modalen kommune står no tilbuda i kø for den unge helsefagarbeidaren frå Ålvik i Hardanger.
Birger 5?
Ja, kven veit. På søndag kl 18 blir det både Birger, Olga og Nils i dei “titalls-hjem”
Stiller godt forberedt
-Eg er henrykt over å få æra av å kunna leda dette arrangementet, seier Yndestad. Heilt sidan ho flytta til Modalen i 2014 har ho sikta seg inn på denne dagen. -Å få bruka stemma si til å lesa opp tal frå nokre kuler er ein draum eg har bore med meg sidan eg var liten, seier ho.
Kjøp bingoblokker på Coop
Frå lørdag av kan du kjøpe bingobrett på Coopen. Både Mo og Øvre Helland er utstyrt med dei ettertrakta papirlappane. Det koster 100,- pr blokk.
Det blir spelt tre runder med bingo. Der det er fire gevinstar pr runde. Yndestad seier at premiebordet er dekka av dei beste gevinstane for både små og store. -Gevinstane er allsidige og vil nok bli satt pris på av kvar og ein av dei som er så heldige å få vinna.
Kven er favorittane til å vinne?
-Nei, det er heilt bingo kven som kjem til å vinne, avslutter den aktuelle programverten.
Slik deltar du:
Kjøp bingobrett på butikken på Øvre Helland eller Mo. 100,- for ei blokk.
Bingo-trekninga foregår digitalt og direkte. Du må derfor laste ned Zoom. Det er ein meget populær tjeneste som gjer at me kan chatte, prate og sjå kvarandre i sanntid. Du kan laste den ned på datamaskina di eller på iPad og telefon. Enten via AppStore eller Google Play.
Når klokka blir 18.00 på søndag klikker du her for å bli med på Julebingoen.
Når Yndestad caller ut talla krysser du av på brettet ditt. Er du så heldig å få bingo må du sørge for å ha kamera på slik at du kan vise brettet til bingo-administrasjonen for kontroll av tala.
Fleire vinnarar samtidig? Då blir det trekning. Flakslodd som trøstepremie.
Stressa? Ingen grunn til. Me går gjennom alle regler og eventualiteter underveis og tar det i et fornuftig tempo.
Husk at dette blir gøy.
Om du foretrekker å taste koder manuelt, kan du åpne Zoom-appen og legge inn denne informasjonen for å bli med
Meeting ID: 840 9473 8605
Passcode: 929328