Slik kan me gjere arrangementet ditt til ein digital skatt
Nylig gjorde me vår absolutt største investering sidan Nese Media blei etablert. Med god hjelp frå næringsfondet i Modalen kommune kunne me kjøpe inn tre heilt nye kameraer som i hovedsak skal brukast til streaming og opptak av små og store arrangement.
“Dette er utstyr som gjer at me no kan levere opptak og direktesendinger på linje med dei største mediehusa.”
I hovedtrekk går det ut på at det er tre kameraer som kan fjernstyrast frå et kontrollpanel. Fordelen med dette er at ein først og fremst kan klara seg med færre kameraer under produksjonen - men samtidig gi sjåarane ein endå meir dynamisk opplevelse.
Siden kameraene kan panorere, tilte og zoome frå et kontrollpunkt vil ein ha heilt unike muligheter til å fanga opp det som skjer på den store scena - uansett kva arrangement det er.
Ein kan zoome inn med kamera A på hovedpersonen på scena samtidig som ein panorerer kamera B i retning gitaristen. Samtidig er kamera C innstilt på å filme heile scena. Når ein då bytter frå kamera A til kamera B i sendinga, kan ein deretter gå tilbake til kamera A og zoome inn på bassisten. Slik at sjåarane får ein like (om ikkje bedre) opplevelse på skjerm som å være der sjølv.
Samtidig kan ein også lagre opptaket frå alle kameraene samtidig, slik at ein kan sy saman dei aller beste bilda i etterkant. Perfekt dersom ein gjer opptak av ein revy eller konsert som skal etterbehandles.
I tillegg til ein fantastisk bildekvalitet har desse kameraene det siste innen autofokus. For sjåarar flest er jo det ein selvfølge at det ein ser skal være «skarpt» og i fokus. Men ofte ligg det mykje arbeid og konsentrasjon bak frå operatøren for at riktig blikkfang skal være i fokus. Spesielt er dette viktig under direktesending når ein i praksis kun får et forsøk på å gjere det rett.
Med desse kameraene får ein god hjelp på vegen med at dei klarer fokusere på både auger og ansikt. Slik at bekymringa for at vokalisten eller skodespelaren skal bli «blurete» blir fjerna.
Dette utstyret gjer oss unike muligheter til å forevige konserter, revyer, gudstjenester, møter, seminarer - og til og med innendørs sportsarrangement.
Ein anna fordel - som har vore et lite stresselement med vår forrige løsning er at dette har gått på batterier. Svært hendig under korte arrangement. Men når klokka nærmer seg timen har det alltid vore litt bekymring om batteriene holder. Med denne løsningen kan kameraene få strøm gjennom nettverkskabelen, slik at tilgangen på x-antall kontaktpunkt og tjukke ledninger ikkje er nødvendig.
Er du nyskjerrig på detaljer på kva me kan levere til ditt arrangement? Sjekk utstyrslista og mulighetsbildet.
Har du et arrangement du vil sende direkte eller ta opptak av? Ta kontakt med oss i dag eller prøv Streamingkalkulatoren vår for å få et estimat av kva det vil koste.