Godt nyttår

Godt nyttår eller godt nytt år? Her er ein faktisk i posisjon sjølv til å kunne skrive det ein vil i følge Språkrådet. Men me sparer 5 bits datalagring på å ignorere mellomrommet i overskrifta.

Nese Media har tross det ellers turbulente året hatt ein del å gjere. I starten på 2020 hadde me ein draum om å starte fotostudio på Mo. Det fekk me til takka væra godt samarbeid og støtte frå Modalen kommune. I denne prosessen blei også studio et større begrep enn å berre fokusere på “foto”. Slik at muligheten for å kombinere foto og streaming blei ein realitet.

Ja. Det er fake.

Ja. Det er fake.



Fleire oppdrag og tunge investeringer

Med satsinga på streaming måtte det gjerast tunge investeringer på utstyr og programvarefronten. Utifrå kva ein skal streame må ein ha x-antall kameraer av ein viss kvalitet, videomikser, skjerm til å sjå kva som foregår på dei forskjellige kamera, mikrofoner, lydmikser - og programvare for å sende strømmen ut på nettet.

Mykje å passe på

Læringskurva har vore bratt. På ein livestream må alt fungere samtidig. Det er mykje å tenke på; ein skal betjene opptil 4 kameraer, sørge for at alle enhetene har nok straum (undervurdert), at ledninger ikkje ligger i vegen for publikum/aktører, at lyd og bilde er i synk, at lyden ikkje vrenges, at riktig mikrofon til riktig person er i bruk og ikkje minst at ein har tilgang til Internett der ein sitter. I tillegg har ein kanskje gjort nokre innspelinger på forhånd som også skal sendes ut på direkten underveis.

Erfaringsmessig må ein beregne minst 3 timer til rigging og testing før ein kan gå live, sidan alt må testest på forhånd. Og igjen - sørge for å ha nok strøm tilgjengelig når sendinga først starter. Siden mykje av utstyret er plassert stader der det ikkje er kontaktpunkt må ein ha nok batteri til å holde heile sendinga.

Høgdepunkter

Men det er ikkje berre streaming me har gjort i 2020. Me har fått ei heilt ny nettside, logo, ny profil og illustrasjoner som kompletterer uttrykket. Det gjenstår litt småplukk her og der. Men den fungerer ganske bra og er lett å betjene. Me håper å få til ei satsing på å tilby nettsider til andre i løpet av 2021.

Av høgdepunkter i 2020 kan me ramse opp:

Vegen vidare for Nese Media

Me gleder oss til 2021 - og har fleire planer for året som kjem. Først og fremst vil me fortsette å kunne tilby streaming heilt uavhengig av korona. Men me har også veldig lyst til å lage fleire reklamefilmer for bedrifter og produkter - som tar i bruk dei beste idèene for å gjere ting innovativt, moderne og engasjerande.

I tillegg:

  • Utvide studio til å tilby innspeling av podkaster og lydbøker.

  • Tilby å lage nettsider/kanaler til kunder.

Me ønsker alle våre kunder, samarbeidspartnere, leverandører og følgere eit riktig godt nyttår og krysser fingrene for at det generelt blir tusen millioner ganger bedre enn 2020.

Enjoy!




Forrige
Forrige

Portrettintervju i skuledagboksform

Neste
Neste

Julequiz