-Alt kan lånast

I Turbinen på Dale finn ein til daglig Trond Olav Magnussen (41). Ein glad gut som som er utdanna befal og togekspeditør. Ved sida av å ha ein usedvanlig god musikksmak jobber han i dag som miljøarbeider for barn og unge i på “Bua” for Vaksdal kommune.

Me møter Trond Olav ein rolig dag på Turbinen på Dale. Her har Bua sin tilholdstad i 2. etasje ved sida av treningsrommet. Det som er spesielt med Bua er at det er mykje fritidsutstyr som ein rett og slett berre kan låna - gratis. Alt frå ski, svømmeutstyr, golfutstyr til sykkel og skøyter. Utvalget av skiutstyr er stort. Og det er absolutt verdt ein tur innom om ein skal til fjells med ungane å stå på ski om vinteren. No om sommaren er nok sommaren er utvalget blant friluftsutstyr som telt, SUP-brett, kajakk og sykler å anbefale.

Som miljøarbeidar er dagane varierete med ulike type oppdrag.

-Først er det ein tur innom på kontoret for å sjekke om det er nokre spennande e-poster som venter, sjå litt over prosjektplanen og om nye søknadsordninger er tilgjengelig, seier han.

Penger til utstyr kjem ikkje inn av seg sjølv. Mykje av tida til Trond Olav Magnussen går med på å undersøkja støtteordninger for å få inn meir kapital til utstyr som kan lånast ut på Bua. Bra for Bua - og ikkje minst veldig bra for DEG.

Penger til utstyr kjem ikkje inn av seg sjølv. Mykje av tida til Trond Olav Magnussen går med på å undersøkja støtteordninger for å få inn meir kapital til utstyr som kan lånast ut på Bua. Bra for Bua - og ikkje minst veldig bra for DEG.

Faksimile frå brosjyra til Bua. (Illustrasjon: FARFAR Reklamebyrå AS)

Faksimile frå brosjyra til Bua. (Illustrasjon: FARFAR Reklamebyrå AS)

Trond Olav er opprinnelig frå Gran på Hadeland. Han har budd 10 år på Stanghelle etter at han blei “målbunden av ei frå Vaksdalbygda”, som han seier. Dei møttes i Afghanistan. Og Trond Olav er glad for at han har fått reist mykje.

-Reist ut og sett verden frå ung alder har vore utrulig lærerikt. Å læra kultura og språk å kjenna på nært hold er det beste eg har gjort i livet mitt, seier han.

Beste musikksmak (red. anm)

Trond Olav får æra av å avslutta denne sesongens versjon av skuledagboka. Og få ting er bedre enn å gå ut med et smell i den forstand at redaksjonen og Trond Olav deler samme musikksmak. -Favorittartisen er Guns N’ Roses. Og Paradise City er den songen eg kan lytta til utallige gongar uten å bli lei, avslutter Trond Olav Magnussen.

Bli bedre kjent med Trond Olav med å sjå svara hans i dagboka under. Og - er det ting du treng til fritidsaktivitetar framover anbefaler me et besøk eller fleire i Bua over Turbinen på Dale.

Ikkje riktig årstid for ski endå. Men vinteren vil komma igjen og igjen. Og då er Bua klar til å låna deg skiutstyr.

Ikkje riktig årstid for ski endå. Men vinteren vil komma igjen og igjen. Og då er Bua klar til å låna deg skiutstyr.

Neste
Neste

-Har allerede drømmejobben