-Har allerede drømmejobben

Atle Fasteland (59) har vore både heldig og dyktig. Som kommunedirektør i Vaksdal kommune har han funne drømmejobben sin, som han pendler til frå Bergen. For er det ein ting Atle liker - så er det å kjøre bil.

Dei fleste kjenner kun til Atle gjennom nyhetsartiklar i Vaksdal Posten. Men kva meir er det med denne mannen enn velformulerte tydelige svar, intitiativrik og solid faglig kompetanse? Først og fremst kan me starte med utdanninga: Han er utdanna lærar og har seinare tatt ein master i ledelse på BI. Han har også flytta ein del rundt, både i Sunnfjord, Dale - men er no tilbake i Bergen på Nordnes og trivst godt der.

Atle Fasteland utanfor heradshuset på Dale.

Atle Fasteland utanfor heradshuset på Dale.

Atle syner å trivast med tilværelsen. Det han liker best er å være på hytta. Han har også ein hund han er glad i. Og å væra i selskap med hunder er noko han mestrer godt skal ein tru han sjølv. -Oppdra hunder, seier han om kva han er kjempeflink til. Og har han ein heil dag fri holder han seg til trivselsaktivitetane sine. -Vere på hytta eller gå rundt i Bergen. Tur med hunden min, og vere sosial på ein kafè, seier Atle.

Og du får ikkje mykje penger igjen om du vedder på kva han hadde tatt med seg på ei øde øy? - Hunden min og dama. Så ei bok, skrivesaker (pc går vel ikkje) og ein kortstokk, svarer han.

Trivst i rolla som kommunedirektør

I rolla som kommunedirektør (som for berre ei kort stund sidan heitte “rådmann”) liker han seg. -Drømmeyrket er den jobben eg har no. Å vere kommunedirektør i skjæringspunktet mellom politisk og administrativ leiing, seier han. Og variasjon er nok også noko han sett pris på. -Ingen dag er lik her. Men eg treff mange menneske, har møter og arbeider med ulike saker i kommunen, seier han om korleis ein tradisjonell dag på jobb er.

Han har også ei klar oppfordring til korleis han ønsker at alle bør forholda seg til kvarandre dersom han kunne bestemt noko som kunne påvirka alle: -At alle klarte å samhandle positivt og sjå det beste både i sak og personar.

Om du ellers lurer på kva Atle liker å ete, kva som gjer han ekstra glad i kvardagen og ikkje minst kven drømmekvinna hans er - så kan du kosa deg med svara i skuledagboka under her.

Forrige
Forrige

-Alt kan lånast

Neste
Neste

Store gutar kan også grina