Store gutar kan også grina

Sidan Ove Eidsnes (60) er supporter av verdens største, mektigaste og beste fotballklubb - er det heldigvis få gonger han treng legga seg i fosterstilling på den nye sofaen for å la tårene flauma.

Ingen hovne og raude auge å spora her.

Ingen hovne og raude auge å spora her.

Men, arbeidsuhell skjer - også på fotballbana. Så om du vandrer gatelangs på Mo samtidig som grisane flyg og helvete frys til is, så kan det væra at Manchester United har tapt ein fotballkamp. Sjå difor etter spor av hovne og raude auger om du møter Ove på tur med hunden Casper på din ferd.

Kva kan få deg til å fella ei lita tåre?

-United tap, så det skjer ikkje ofte, avslører Ove Eidsnes i dette portrettet.

Som stor United-fan har Ove også besøkt Old Trafford for å bivåna heltane sine på nært hold. -Det beste eg har gjort i livet er å vitja Old Trafford, seier han. Og legg også til at det godt kunne vore meir av det. -Reist fleire gongar til Old Trafford er nok det eg angrer mest på at eg ikkje har fått gjort i livet.



Golf og kviling

Favoritthobbyen til Ove er golf. I Modalen er det heller få gode golfbaner, så turen til golfbana går mest sannsynlig frå Mo og ut på E39 og vidare. Så kva hadde Ove gjort om han fekk kuppa et kommunestyremøte og tvunge gjennom ein god sak?

-Då ville eg fixa vegen til Romarheim, slik at den hadde gul midtstripe heile vegen. Eller fått bygd ei golfbane. Trur kanskje det siste, seier han.

Med stresset som følge med når United går fra siger til siger - og harde, svette og tøffe rundar på golfbana, treng Ove av og til å roa ned og slappa av. Det er faktisk det han er best til. -Kvila, svarer han kort og godt om kva han er kjempeflink til. Om det er hans oppriktige meining eller om han er tvungen til å sei det av sterkare krefter i heimen veit me ikkje, men han hevder også at det han er flink til også er hans verste uvane. -Eg kviler nok for mykje, seier han.

Sitt her. So heldt du nevane sånn. Sjå sideveis. Sånn ja.

Sitt her. So heldt du nevane sånn. Sjå sideveis. Sånn ja.

For å bli nærmare kjent med Ove kan du klikka på spørsmåla under og lesa svara hans i Skuledagboka. Der finn du blant anna ut om han syns det var stas når han oppdaga at det var hål i sokkane sine, kva han gjer på i løpet av ein arbeidsdag, korleis han gjorde kono glad og kor lenge han gjekk ukyssa. For å nemna noko.

Intervjuet blei gjort 16. mars.

PS: Gratulera med overstått Nina!

Forrige
Forrige

-Har allerede drømmejobben

Neste
Neste

Ein svært fokusert ordførar