Ein svært fokusert ordførar

Hege Eide Vik (40) er ordførar i Vaksdal kommune for Senterpartiet. Ho gir oss her et innblikk i kvardagen sin - som tydelig fortel at det krever både mykje tid og innsats for å kunne utføre vervet best mogleg.

Me møter vaksdalordføraren på hytta si i Eksingedalen denne skjærtorsdagen. Der liker ho å koble av mellom tøffe debattar i politikken og seine kvelder med sakspapirer. -Å vera på hytta med Stig, Markus og Vilja. Helst i sol så me kan gå tur og eta ute, seier ho om kva ho foretrekker når ho har heilt fri og kan slappa av.

På hytta i Eksingedalen finn ho roen og her pleier ho familielivet. Og bevisst sin rolle som mann, er mannen Stig flink til å varta opp kona si. -Det som gjer meg ekstra glad i kvardagen er når Stig lagar kaffi til meg. Det er lykke å få den servert, seier Hege.

Kva gjer deg ekstra glad i kvardagen, Hege?-Når Stig lagar kaffi til meg. Lykke å få den servert!Markus sit laidback i bakgrunn. Stolt over å ha argumentert mora i senk.

Kva gjer deg ekstra glad i kvardagen, Hege?

-Når Stig lagar kaffi til meg. Lykke å få den servert!

Markus sit laidback i bakgrunn. Stolt over å ha argumentert mora i senk.


Når me ber Hege i all beskjedenhet om å fortella kva ho er flinkast til, viser ho til engasjementet for jobben sin. -Å fokusere og konsentrere meg. Når eg jobber med noko får eg ikkje med meg kva som skjer rundt meg. Det er ein fordel på heimekontor, seier ho.

Og kva er din verste uvane?

-Det må bli det same, vanskeleg å få kontakt med meg når eg forsvinn inn i eposten.

Draumen om oppussing

På grunn av smittevern holdt me som seg hør og bør avstand under møtet med Hege. Inne i hytta har ho blant anna ein iPad og Netflix ho kan kose seg med. Og i følge ho sjølv er oppussingsprogram favoritten. -Eg ser ikkje ikkje så mykje på TV, men ender ofte opp med oppussingsprogram om eg trykker meg gjennom kanalane. Eg treng inspirasjon til både hus og hytte, svarer ho. Og oppussing finn me i også igjen i andre svar.

Jobben som ordførar

Med varm kaffi i koppen fortel ordføraren i Vaksdal om korleis ein tradisjonell arbeidsdag som ordførar er. -Arbeidsdagen min var ganske annleis dei første månadane eg var ordførar, seier ho. -Men siste året så er det mykje nettmøter det går i.

Ho byrjar gjerne klokka 8 om morgonen. Deretter varierer det kor tett møta ligg og om det er ettermiddag - og kveldsmøter.

-Innimellom er det jobb med epostinnboks, førebuing og oppfølging av saker. Eg vekslar mellom heimekontor og å vera på Heradshuset. Tema og saker varierer veldig, så det er alltid mykje å lese og førebu seg på, seier ho. Og avslører at ho les saksdokumenta stort sett digitalt, men om det er heilt spesielle saker liker ho best å lese saksdokumenta på papir. -Det er noko med å kunna bruke markeringspennen og merke setningar som skal feste seg ekstra godt, seier ho.

Hege med solbriller i handa. Solbriller er briller med fargede glass, som brukes for å beskytte augene mot fenomenet sollys (Wikipedia).

Hege med solbriller i handa. Solbriller er briller med fargede glass, som brukes for å beskytte augene mot fenomenet sollys (Wikipedia).

Korona

No er nok dei aller fleste rimelig lei av korona. Av å både snakke og lese om. Omtrent alle har skrive nokre ord om korona i svara sine i denne skuledagbok-serien. Og Hege er heller ingen unntak. Sidan ho speler ei viktig rolle i korleis kommunen opptrer i denne situasjonen bruker me også et par setninger om korleis dette hemmer videreutviklinga av blant anna kommunen. -Eg hadde i all enkelhet trylla fram vaksiner til heile verda og blitt kvitt koronatestriksjonane slik at me kunne brukt all tida vår på å utvikle kommunen vidare, og ikkje minst kjørt i gang idretts-og kulturlivet for fullt, seier ho om kva ho ville gjort om ho kunne trylla.

Men ho er også optimist, held motet oppe og ser framover. -Det kjem til å skje i nær framtid, men eg skulle gjerne tatt ein snarveg for dei som er hardt ramma av tiltaka - og kjenner på at det er tungt med dugnad og motbakkar.

Hege er utdanna songar og musikkpedagog og er viden kjent for si praktfulle stemme. Som yrke (før ordførarvervet) er ho musikkpedagog - men meiner ho syng alt for lite no for tida.

Og om du vil høyra den praktfulle stemma hennar kan du sjå og høyra under. Jula varer som sagt heilt til påske.


Kjetil Eikefet og Erna Solberg(!)

Det er ikkje ofte ein les desse navna i same setning. Men Hege kan ikkje berre trylla i fantasien. Ho kan også trylla med ord. For, om ho skulle ha bytta liv med ein person i ei veke er det valget mellom desse to ho fell ned på. -Det måtte blitt Kjetil Eikefet eller Erna Solberg...Greier ikkje heilt å bestemme meg for kva som ville vera mest spennande, seier ho.

Ikkje me heller.

Drømmemannen

Det begynner å bli nokre år sidan underteikna gjekk med sommarfugla i magen når Hege steig på bussen som skulle til togstasjonen på Dale frå Eidslandet. Heldigvis, for ellers hadde det vore tunge dagar no.

Kven er drømmemannen din Hege?

-Kvardagsmannen vinn; Stig Angeltvedt.

Lurer du ellers på korleis livet til ein ordførar er heilt privat? Klikk på spørsmåla under for å lese alle svara i Hege Eide Viks skuledagbok.

For ordens skyld: Svara under er skrive ein regntung tirsdag, 30. mars - altså ikkje Skjærtorsdag.

God påske kjære lesar.

PS: Husk Quiz Langfredag kl 20.

Forrige
Forrige

Store gutar kan også grina

Neste
Neste

-Flink til å få ting til å skje. Fort, presist og ikkje so gale