Ordførarens mørke hemmelighet

Dette er egentlig ei solskinnshistorie. Ei historie som tar oss med frå dei mørkaste daler til dei lysaste topper i livet. Kjetil Eikefet (49) er for tida ordførar i Modalen. Men vegen dit har inneholdt både stålen sykkel, firkløver-sjokolada og ein ny anorakk.

Kjetil Eikefet har tittelen som “Fagleiar drift og vedlikehald, veg” som yrke. Men egentlig hadde han ein draum om et anna yrke.

Kva er ditt drømmeyrke/kva ville du bli når du var liten?

  1. Arkitekt

Korleis han stiller seg til utforminga av nybygget på Mo når han kikker ut av det midlertidlige ordførarkontoret, har me ikkje fått stilt oppfølgingsspørsmål om. Men om me skal tru referata frå ulike kommunestyremøter og stemmegivinga i forbindelse med det nye kommunehuset, så tipper me nok han synest det er flott.

  1. Fin natur, kjekke mennesker, kan lett være med å påverke framtida. Og vert du lei bygdelivet er det kort veg til «bydn» slik at du kan more deg før du reiser heimatt.

Det han kanskje ikkje synest er så flott, er ein historie frå 1995 som har tynga hans samvittighet i alle år: Han budde nemlig i Arna(!), og skulle ta siste toget heim frå Bergen. - Eg var seint ute og då stjal eg ein sykkel på Nordnes. Den står ikkje på jernbanestasjonen lenger, seier han, -tydelig letta for å endelig kunna finna et medium til å dela denne historien i. Ikkje veit me om badboy-stilen gav han vind i segla på damefronten. Men han legg i allefall vekt på at hans første kyss var STORT.

Vil du finna ut meir om Kjetil er det berre til å klikke på spørsmåla for å lesa svara hans under.

Me tek også med et bilde av den flotte kåno hans. Slik at ikkje hjerta hennar kjem til å blø.

Me tek også med et bilde av den flotte kåno hans. Slik at ikkje hjerta hennar kjem til å blø.

Intervjuet blei gjort 20. januar

Kjøtt, fisk eller vegetar?

Kjøt.

Øl, vin eller brus?

Brus

Korleis var ditt første kyss?

Stort

Kva et du på julafta?

Pinnakjøt eller ribbe.

Yndlingsforfattar?

Stephen King.

Kva gjer du når du har ein heil dag fri?

Fiksa det eg har utsett.

Kven er di drømmedame (kjent person)?

Michelle Obama.

Viss du kunne bestemme/utføre ein ting - uten begrensninger som kunne påvirka heile verden - så ville du..?

Fiksa klima- og miljøutfordringane.

Til å være heilt vanleg.

Firkløver 200 g. Då et eg heile i ein jafs.

Kva er din favorittmusikk?

Soundgarden

Kva er det beste med Modalen?

Menneska som bur her.

Korleis trur du Mo/Modalen ser ut om 10 år?

Sånn me sjølve ynskjer den skal sjå ut.

I løpet av dei 6 neste månadane ser du spesielt fram til?

Mindre koronarestriksjonar slik at en kan sitje på uterestaurant og berre glo.

Kva liker du best å sjå på TV av idrett?

Fotball.

Nevn 3 ting som du syns koster for mykje i forhold til verdien det burde hatt.

Iphone-ladarar, maxboller og tur til Antarktis.

Viss du fekk bestemme ein konkret ting i kommunestyret i kommunen : kva hadde du bestemt då?

Om nokon er ueinig i ei sak, må dei ha minst eit forslag som dei meinar er betre. Får ikkje være ueinig berre for å være ueinig. Gjeld sjølvsagt ordføraren også.

TV2 eller NRK?

NRK

Kan du beskriva dagen din i dag, time for time?

0700 -0800: Frukost med ordførerkollega Lars frå Osterøy. 0800 – 1130: Stanghellekonferansen om ny E16 i Bergen. 1130 – 1300: Heim inkl dieselfylling. 734 kr om de lurte 1300 – 1600: Heimekontor der prosjektet med dagsturhytte tok det meste av tida. 1600 – 1700: Laga middag og henta Gro Henny i barnehagen. Gørild grein seg til å sitje på. 1700 - ….: Prøver å svare på desse spørsmåla.

Kva var det gøyaste som skjedde i dag?

Møte ordførarkollegaer frå Osterøy, Voss, Vaksdal og Bergen. Kjekt å treffe igjen etter månader med digitale møter.

Og kva var det kjedligaste som skjedde?

Fylla diesel.

Kva hadde du til middag i dag?

Fiskekaker.

Navn: Kjetil Eikefet

Alder: 49

Yrke: Fagleiar drift og vedlikehald, veg/Ordførar (som ikkje er et yrke men et verv)

Kjetil kunne valgt ei an ruta i livet som ein skikkelig badboy. Men heldigvis for alle oss andre er han et bilde på ein kjernekar.

Kjetil kunne valgt ei an ruta i livet som ein skikkelig badboy. Men heldigvis for alle oss andre er han et bilde på ein kjernekar.

Livet til no: Utan tvil ein 6-ar. Slik har det vore sidan 9. august 1971

Livet til no: Utan tvil ein 6-ar. Slik har det vore sidan 9. august 1971

Forrige
Forrige

“Kirsten Giftekniv”

Neste
Neste

Kva har Dolly Parton, marsipan og reggeamusikk til felles?