Kva har Dolly Parton, marsipan og reggeamusikk til felles?
Jo. Det er 3 av dei tinga Steinar Johan Nordås trekker fram i svara sine i dette portrettet. Steinar er 75 år gamal og busatt i Modalen. Han har sidan 2013 vore pensjonist etter å ha jobba som både byggmester og glasmester i sitt yrkesaktive liv. No for tida koser han seg med Bonanza på TV’en og marsipan.
“Nordåsen” som han blir kalla blant dei lokale i Modalen, flytta til dalen innerst i Osterfjorden for omlag 15 år siden, på ein av Modalens beste tomter (red. anm).
I sine yngre dager hadde den tidligare byggmesteren lyst til å bli sjømann. Men faren hans, som var sjømann, fraråda han til det. -Eg hadde også en liten drøm om å bli gullsmed, forteller Nordås.
Kva er det beste du kan få servert til middag?
Dessverre for Steinar blir det ingen utenlandstur med det første. På grunn av pandemien. Men om han skulle gitt sitt beste ferietips måtte det bli ein tur til Kypros. -Har hatt fine ferier på Kypros. Der er det fin temperatur på vinteren. I tillegg er det hyggelige og hjelpsomme mennesker - samt god mat og drikke, seier han.
Dersom du fekk ein million kroner som måtte brukast på ein dag - kva hadde du kjøpt deg då?
Og vil du vita meir om Steinar; kor han fekk sitt første kyss, kven drømmedama er og kva han ville gjort om han kunne utføra ein ting som påvirka heile verden, - så sjekk svara under.
PS: DU er også velkommen til å delta i denne portrettserien. Fyll ut dette skjemaet så blir du kontakta. Ingenting blir publisert uten din godkjenning.
Kjøtt, fisk eller vegetar?
Eg foretrekker helst kjøtt. Men spiser gjerne ett fiskemåltid også.
Øl, vin eller brus?
Godt med lyst godt øl.
Kor og når var ditt første kyss?
Eg fekk mit første kyss som 3-åring i ein trappehals i Bergen.
Kva et du på julafta?
På julafta blir det tørket pinnekjøtt.
Kva er din favoritthobby?
Trearbeid.
Kva gjer du når du har ein heil dag fri?
Finne på noko kjekt saman med familien.
Korleis var din drømmedag på jobb når du var aktiv?
Likte godt restaureringsarbeid på hus. I tillegg lage blyfelt i dører og vinduer til museum.
Kven er di drømmedame (kjent person)?
Det må vel bli Dolly Parton.
Kva er/var ditt hemmelige drømmeyrke?
Eg hadde veldig lyst til å bli gullsmed.
Viss du kunne bestemme/utføre ein ting - uten begrensninger som kunne påvirka heile verden - så ville du..?
Då hadde eg villa at alle skulle fått effektiv kreftbehandling.
Kva er du kjempeflink til?
Eg er ein flink sjåfør. I tillegg trur eg at eg er god på kommunikasjon. Også er eg flink med økonomi.
Kva er din yndlingssnacks/snop?
Eg får ikkje nok av marsipan. Er også glad i nøtter.
Kva er din favorittmusikk?
Eg er glad i høyre på country og gospel-musikk. Liker også "Elg" i Dance With the Stranger, samt noko reggae-musikk.
Kva er det beste med Modalen?
Det er at det er rolig, rein fin luft, et vilt landskap, gode naboer og trygghet.
Korleis trur du Mo/Modalen ser ut om 10 år?
Velger å tru at det er ein fin å trygg plass å vekse opp. At helsetilbudet i kommunen fungerer som i dag. Og at det kanskje et flytta endå fleire folk inn her.
I løpet av dei 6 neste månadane ser du spesielt fram til?
Våren, varmere og lysere tider. Forhåpentligvis meir tid med familien.
Kva liker du best å sjå på TV av idrett?
Sommer og vinteridrett. Skiskyting, håndball og skøyteløp primært.
Nevn 3 ting som du syns koster for mykje i forhold til verdien det burde hatt.
Synest det er litt for dyrt å feriere i eget land. Så er det for dyrt med sigaretter. Ei god flaske vin må vi også betale for mykje for.
Viss du fekk bestemme ein konkret ting i kommunestyret i kommunen : kva hadde du bestemt då?
At det blei bygga små buenheter som passer både til unge, enslige og eldre som vil ha ein mindre stad å bu.
Navn: Steinar Johan Nordås
Alder: 75
Yrke: Pensjonert byggmester/glasmester
Steinar gir terningkast 5 på livet sitt til no.
Om du kjenner Dolly Parton kan du be ho kontakte Nese Media. Me vil sette ho i kontakt med Steinar.