-Håper Øvre Helland ikkje blir øde og lite attraktivt
May Linn Tyssebotn Mo (34) er fødd og oppvaksen på Eidslandet i Vaksdal kommune. No bur ho på Øvre Helland i Modalen, er sambuar og har et barn. I tillegg til å bruka dagane på å bita negler jobber ho også som sjukepleiar på Ostereidet.
PS: Du kan klikke på spørsmåla som står med lilla skrift underveis for å sjå svara.
Kva er ditt beste ferietips?
Ho bit ikkje negler for at ho er konstant nervøs. Men i følge ho sjølv er det hennar verste uvane. Men når ein tar i betrakning av korleis ho ser for seg framtida på Øvre Helland, kan ein kanskje forstå at ho bit ein negl eller to. - For å væra ærlig, så trur eg mange er flytta vekk frå Øvre Helland om 10 år. At det blir litt øde og lite attraktivt å bu her. Men eg håper no sjølvsagt det ikkje skjer, seier ho og krysser fingrane 🤞🏻
Men som ho også seier, så er avstanden mellom husa og folk kanskje ein av dei største kvalitetane med plassen. At ein ikkje bur så alt for tett på kvarandre.
Viss du fekk bestemme ein konkret ting i kommunestyret i kommunen din - kva hadde du bestemt då?
I følge ho sjølv er drømme-menna Jason Momoa og Jensen Ackles. Får ho dei på skjermen, kombinert med Taco og Freia Daimsjokolade til dessert - er drømmekvelden sikra.
Vil du bli meir kjent med May-Linn? Sjekk svara hennar under ved å klikke på spørsmåla.
Nevn 3 ting du syns koster for mykje i forhold til verdien det burde hatt
Tannlegen, vedlikehold på bil og bompengeavgifter.
Kva er ditt drømmeyrke?
Paleontolog eller barnesjukepleiar
Favorittfilm/serie?
Bridget Jones (slår aldri feil), og Walking Dead😱
Beste kjøp du har gjort siste måned?
Kjøpt reinsdyrskinn, kan endelig prøve meg på å sove ute på vinterstid👏👏
Kva er dine favorittband?
Imagine dragons, Sam Tinnesz og Pink
Favorittidrett på tv
Herresvømming😇
Kvifor bør folk flytte til din heimkommune?
Trygt og godt, god barnehage og skule.
Viss du kunne bestemme/utføre ein ting uten begrensinger som kunne påvirka heile verden - kva ville du gjort då?
Med fare for å krenke nokon🙈; fått slutt på krenkehysteriet.
Kva foretrekker du av NRK og TV2?
NRK
Kan du beskrive dagen din i dag - i hovedtrekk?
Stod opp kl 06.15. Fulgte mine vanlige morgenrutiner med vask pg tannpuss. Vekte Michelle før eg kjørte på jobb kl 06.55. Kom på jobb til kl 07.50. Organiserte og planla vaksinering av brukere. Brukte abeidsdagen på å sette vaksiner og loggføre dette. Plukka med meg haiker(kollega) på Ostereidet som satt på heim til Modalen. Heiv i meg litt smoothie då eg kom heim, før eg ordna klart klede og utstyr til Michelle og meg sjølv for skikarusellen. Møtte opp og hjalp litt til med utdeling av startnummer, og gjekk ein runde med ei anna jente sidan Michelle vil gå runden aleine. Kom heim igjen ca kl 18.30, då vart middagen satt i ovnen av Christer. Så blir det vel ein tur med Chase (hunden før eg tar kveld)😊
Kva hadde du til middag i dag?
Lasagne
Kva har du sett på tv i dag?
I dag vart det nett nokre minutt med gamle episoder av Vampire diaries.
Antall timer på Internett i dag?
Ikkje så mange i dag, kanskje 1-2? Mest på jobb i grunn.
Kva et du på julafta?
Pinnekjøtt!
Kva er det kjekkaste som har skjedd i dag?
Eine sjefen min hadde fått telefon fra ein anna arb.plass som ønskte nr mitt for å høyre om eg vil vera ringevikar for dei😁
Og kva er det kjedligaste du har gjort i dag?
Stå opp av senga
Navn: May Linn Tyssebotn Mo
Alder: 34
Yrke: Sjukepleiar på Ostereidet
May Linn gir terningkast 5 på livet sitt til no.