Legen som ville bli dyrlege
Nokre hundre meter før vegen sluttar på Gullbrå i Eksingedalen bur Frøydis Gullbrå (50). Ho jobbar som kommunelege i Modalen og har for tida mykje fokus på koronapandemien, oppfølging, retningslinjer og gjennomføring av vaksinering.
Det ville vore naturlig å stilt oppfølgingsspørsmål på svaret hennar om kva ho ville bli når ho var liten. Men sidan denne intervjumetoden ikkje har naturlige element av oppfølgingsspørsmål, så kan det inntil vidare bli ein hemmelighet som Frøydis får ha for seg sjølv.
Men det ho ikkje får ha hemmelig er kva ho liker å kose seg med av snop. -Walkers Lakris toffe, svare ho, samtidig som ho understreker at det må prøvast. -Ein får naturligvis tak i dei på Nærbutikken på Lavik i Eksingedalen, tipser ho om.
PS: Du kan klikke på spørsmåla som står med lilla skrift underveis for å sjå svara
Kven er din drømmemann/drømmekvinne?
Som lege i desse dager er det naturlig at Frøydis kjenner pandemien litt meir på kroppen enn mange av oss. Og derfor er det ikkje heilt overraskande at ho drar inn vaksinering mot korona som noko ho ser fram til dei neste 6 månadane.
Les svara hennar i Skuledagboka under ved å klikke på kvart spørsmål.
Kjøtt, fisk eller vegetar?
Kjøt.
Øl, vin eller brus?
Vin (et glas).
Kor var ditt første kyss?
På mjelkerampen.
Kva et du på julafta?
Heimalaga pinnakjøt sjølvsagt. Med kortreiste poter og kålrabistapp!
Kva gjer du når du har ein heil dag fri?
Står opp tidleg, tek ein skutur, får gjort litt husarbeid og dillar vekk mykje tid.
Kva er ditt hemmelige drømmeyrke?
Sykkelguide i Askjelldalen, mot Holskard.
Viss du kunne bestemme/utføre ein ting - uten begrensninger som kunne påvirka heile verden - så ville du..?
Gi alle korona-vaksine.
Kva er du kjempeflink til?
Sykle 🚴
Kva er din favorittmusikk?
Hanna og Svein.
Kva er det beste med Gullbrå/Eksingedalen?
Ekstremt gode sykkelvegar, kjekke folk overalt, storslått natur.
Korleis trur du Gullbrå/Eksingedalen ser ut om 10 år?
Levande bygd med engasjerte innbyggjarar, skule på topp nivå med 30 elevar, anerkjent og godt besøkt lokalbutikk, fast skiløype på Nesheim heile vinteren . Auka tal besøkjande i helger til turar på Kvitanosi, Kjerringanosi, Blåvasshorgi mm.
I løpet av dei 6 neste månadane ser du spesielt fram til?
Å få vaksinert flest mogleg folk mot Korona – og å stille i Jotunheimen Rundt igjen
Kva liker du best å sjå på TV av idrett?
Sykkel
Nevn 3 ting som du syns koster for mykje i forhold til verdien det burde hatt.
Sykkelhjelm, skifeller, Parkeringsbøter på Voss.
Kva skal til for at du uten tvil vil bu i Eksingedalen i minst 10 år til?
At huset mitt ikkje brenn ned.
Favorittfilm/serie/TV-program?
71 grader nord.
Favorittmat?
Røykekjøt med Gullbrå-lam saman. Og ertesuppe med byggryn.
Favorittforfatter?
Jo Nesbø.
Kvifor bør folk flytte til Eksingedalen?
Det er her dei aller beste folka bur. Her er lite trafikk på veg til jobb. Her er mykje frisk luft og god plass til boltring, hufsing og livsnyting.
Og om du ser Vaksdal kommune under ett - kvifor bør folk flytte til kommunen din?
Distrikt med god plass er ideelt i desse tider. Vaksdal har ulike bygder med ulike kvaliteter – der alle kan finne seg til rette. Mykje gode, trivelege, engasjerte folk.
Kva er din verste uvane?
Å bli irritert (sur) over bagatellar.
Har du også lyst til å bli presentert i “Skuledagboka”? Fyll ut dette skjemaet - så har du aller tiders sjanse. Du kan også dele det med andre du meiner bør få et portrett.
Navn: Frøydis Gullbrå
Alder: Snart 50
Yrke: Kommuneoverlege Modalen
Når me skulle ta bilde av Frøydis var stetoskop heilt obligatorisk å få med.
Favorittsnopet til Frøydis.