“Kirsten Giftekniv”

Det er ikkje få kyss Lars Bjarte Nesheim (40) frå Nesheim i Eksingedalen kan skryta på seg. Ikkje i rolla som ein Casanova, men heller ein moderne “Kirsten Giftekniv” - for å få fyllbyrda dei våtaste kyss i skulegården på Eksingedalen skule.

Nei. Det er heldigvis ikkje i dag han har denne rolla. Men om ein spoler tida drøye 25 år tilbake, hadde Lars Bjarte det travelt med å formidla kysseønsker mellom enkelte elvar på skulen på Bergo. -Eg hadde rolla som kysseagent og kyssevakt i yngre år, begynner han å svare han når me lurer på korleis hans første kyss var. Her må Nese Media legge til for eiga rekning at dette er heilt rett.

Lars Bjarte jobber både som bonde i Eksingedalen og kyrkjeverje i Modalen. Det fører til litt kjøring kvar dag. Her har han nettopp tatt seg eit lite stopp.

Lars Bjarte jobber både som bonde i Eksingedalen og kyrkjeverje i Modalen. Det fører til litt kjøring kvar dag. Her har han nettopp tatt seg eit lite stopp.

Lars Bjarte var ofte den som formidla budskapet om kysseønsker via lapper sendt rundt i klasserommet. Som mellommann gjorde han ein formidabel jobb (red. anm.). Som mykje anna gjorde han også den jobben med bravour. Noko han har tatt med seg seinare i livet.

-Eg er frå Nesheim og havna der i voksen alder for å drive gård. Det var et yrkesvalg, seier han. Samtidig som han er gårdbrukar jobber han også som kyrkjeverje i Modalen.

Lars Bjarte slår neppe ner åpne dører når han anbefaler Jerusalem som et feriemål kontra ein tur i Beinhellaren eller Skipshellaren. -Begge plasser er svære greier. Men få ting kan måla seg med ein tur til Jerusalem, seier han. - Pulserande by med mykje historie, kulturer, folkeslag, og kjekk plass å være. Artig å være på plassane ein les og høyrer om.


Kva Lars Bjarte ellers meiner om ting kan du lesa under. Klikk på kvart spørsmål for å lesa svara.

Navn: Lars Bjarte Nesheim

Alder: 40

Yrke: Kombinasjonen bonde og kyrkjeverje

Lars Bjarte gir ein rolig 6’er på livsterningen.

Lars Bjarte gir ein rolig 6’er på livsterningen.

Forrige
Forrige

Er lei av nordmenn og svensker

Neste
Neste

Ordførarens mørke hemmelighet