-Flink til å få ting til å skje. Fort, presist og ikkje so gale

Dalemannen Erlend Hesjedal-Johannessen (36) er i dag kanskje mest kjent som ein framtredande politikar i Vaksdal kommune. I tillegg til stor innsats innafor lokalidretten. Han vaks for det meste opp på Stanghelle, men fann ei dame frå Dale som han busette seg saman med på Dale etter endt utdanning i Bergen. Møt mannen som ikkje skrur ned lyden når kona høyrer på boybandmusikk - og som har fasiten på kva ein bør ta med seg på ei øde øy.

Kva er det beste du har sett, lest eller høyrt siste veka, Erlend?

164224749_1127013534428232_8928326451684826177_n.jpg

Når me spurte om det, fekk me dette bildet frå Insta-storyen til Vestlandhogre i retur. Når me stiller gruppeleiaren i Vaksdal høgre “til veggs”, forstår me at politikk og gode meiningsmålingar er viktig.

Podkast
Nyleg har Erlend og partikollegaene hans starta ein eigen podkast, Bygdeblå, der dei blant anna snakkar om korleis det er å væra høgrepolitikara på bygda, typiske bygdesaker og blant anna kor mange blåe skjorter Erlend har i garderoben sin. Men er det Erlends favorittpodkast?

Slik ser coveret til podkasten Bygdeblå ut. Mannen til venstre er lett å kjenna igjen.

Slik ser coveret til podkasten Bygdeblå ut. Mannen til venstre er lett å kjenna igjen.


Annonse: Når me først er inne på podkaster: Har du høyrt vår eigen “Spøkelsespodden”? Ein podkast med iskalde grøssehistorier som er perfekt å lytte til når du feks kjører bil og ungane vil høyre på noko anna enn NRK mp3.


Prideflagg i Vaksdal kommune

Av politiske saker som opptar Erlend i desse dager er blant anna flaggreglementet. Om ein til dømes skal kunna flagga med regnbogeflagg på kommunale bygg. -Me har nettopp gjort eit stort stykke arbeid rundt flaggreglement, seier Erlend Hesjedal-Johannessen. -Det høyres kanskje kjedelig ut, men det er politikk og stor symbolsk verdi.

Til Vaksdal Posten sa han tidligare denne månaden: - Det at dette er viktig viser mellom anna det at denne saka er den som eg personleg klart har fått mest tilbakemeldingar på frå folk i kommunen etter at me starta denne flaggkampen for to år sidan. Dei aller, aller fleste har vore positive. Dette betyr mykje for mange i kommunen vår.

Og positive tilbakemeldingar har Erlend også fått etter at han skreiv ein kommentar i Bergens Tidende rundt temaet.

Lopper i blodet?

Ein kan kanskje få inntrykk av at Erlend har lopper i blodet når ein skummer gjennom svara hans. Som: -Grytidleg opp, kanskje 0530 for å trene før jobb, bruker mykje av tida til å pusse opp; snekre, støype, hogge. Elles veldig glad i ein tur til fjells, og reiser eigentleg veldig mykje. OG: -Blir veldig stressa av å ikkje ha noko å gjere på så passar på at eg ikkje går tom for arbeid, svarer han blant anna på nokre spørsmål. Me veit ikkje om folk nikker annerkjennande når dei les dette og tenkjer: “Ahh. Dette er så typisk Erlend". Enkelte vil kanskje hevda, seier han, at han er litt for petimeter. -Eg liker å ha ting på stell, seier han. Og når alt dette kulminerer i kva Erlend sjølv meiner han er kjempeflink til så trur me på at han er ein kar som får ting gjort. -Eg er flink på å få ting til å skje, fort, presist og ikkje gale, seier han.

Tørr ikkje alltid sei i frå til kona

Som både daglig ledar og ein framtredande politikar skulle ein kanskje tru at ein hadde med ein person som alltid seier i frå når han er uenig i ting. Men der argumenta skal væra gode for å setta han fast i kommunestyresalen, verkar det som om alt dette er gløymt så fort han er heime og innom husets fire vegger. -Eg sler ikkje alltid av når kona set på boyband-musikk, seier han, som sin gulity pleasure. Men er rask med å legge til at “han skylder på historiske årsaker” til dette.

Erlend Hesjedal-Johannesen framfor Daletec på Dale, der han jobber som dagleg leiar.

Erlend Hesjedal-Johannesen framfor Daletec på Dale, der han jobber som dagleg leiar.

Vil du vita meir om kva som er fasit på kva du skal ta med deg til ei øde øy, kva song Erlend kan høyra omatt og omatt og kva det beste med Dale er? Sjekk svara under ved å klikke på kvart spørsmål.

Forrige
Forrige

Ein svært fokusert ordførar

Neste
Neste

Nybakt småbarnsmamma avslører: -Spiser snop i smug for å sleppe å dele