Nybakt småbarnsmamma avslører: -Spiser snop i smug for å sleppe å dele

Kor ofte er det ikkje ein gøymer vekk litt snop, fisker fram ein potetgullpose der ein prøver alt ein kan for å unngå å lage lyd med posen - eller lurer til seg ein sjokoladebit medan ein står med hovudet langt inni kjøleskapet? Bente Katrin Halvorsens guilty pleasure står nok på mange andres liste også. Men kven er denne dama som bur på Heiane (ja..Kleivane) i Modalen? Og korleis havna ho og familien i Modalen?

Bente Katrin bruker mykje tid framfor pc’en for å skape innhold.

Bente Katrin bruker mykje tid framfor pc’en for å skape innhold.

Folk som følger Bente Katrin Halvorsen (23) i sosiale medier ser raskt at dette er ei dame som tørr å eksponere seg sjølv, ikkje være redd for korleis ho framstår og snakker ærlig - både sminka og usminka i kamera. -Connecting, laga innhald til Instagram og Facebook-gruppa med bla reels, innlegg, videoa og snakke med forskjellige folk, seier ho om korleis ein tradisjonell arbeidsdag er. Ho jobbar innan network marketing og har mange finer dagar på jobb. -Alle dagar er egentlig ganske fine på jobb sidan eg styrer dagen min sjølv ut ifrå energinivået, seier Bente. Men ho legg ikkje skjul på at ho ser framover mot bedre tider generelt. -Eg gleder meg mykje til sommaren og at eg kan jobba frå terrassen i sola.


Påskequiz.jpg

Meld deg på Påskequiz Langfredag kl 20.00


Skeptisk til Modalen

Bente og familien flytta til Modalen for nokre år sidan og kjøpte seg i fjor et eige hus på Heiane. Men ho seier at ho var skeptisk til Modalen i utgangspunktet. -Me har snakka om å flytta til Modalen i mange år. Men eg har alltid synst det virka så veldig øde, seier dama frå Kvinnherad. -Hovedgrunnen er at sambuaren og ungane ville nærmare bestefaren, samt at det er veldig mange godar i Modalen.

Og skal me tolka svara hennar ellers verkar det som at skepsisen har avtatt. -Det er utrulig koselige folk, og trygt for mine søte små, seier ho om kva det beste med Modalen er.

Småbarnsmor

Som småbarnsmor til ei nyfødd jente og to litt eldre søsken har Bente travle dagar. Jobben som småbarnsmor inneheldt både høge toppar og djupe dalar. -Smil frå ungane var dagens stoltaste øyeblikk. Medan tidenes bæsjebleie på minstejento var det kjipaste i dag, seier ho.

På lista over hennar beste kjøp siste måned finn ein også småbarnsrelaterte produkter. -Smokk til minstejenta. Slik at eg får ha puppen litt meg sjølv i løpet av dagen også.


Annonse: Lytt til Spøkelsespodden. Familevennlig grøss for nesten heile familien.


Om du vil dukka inn i heile skuledagboka og bli bedre kjent med Bente Katrin Halvorsen så kan du klikka på kvart spørsmål under for å lesa svara hennar. Og her finn du alt frå kva ho ville gjort om ho kunne bestemma ein ting i kommunestyret i Modalen, kva ho ville tatt med seg på ei øde øy og ikkje minst: Kva ho ville kjøpt seg om ho fekk ein million i nevane.

God fornøyelse.

Forrige
Forrige

-Flink til å få ting til å skje. Fort, presist og ikkje so gale

Neste
Neste

Verdens beste barnepassar. Punktum.