Verdens beste barnepassar. Punktum.

Ordtaket “Bak einkvar framgangsrik person står Gro Henny” passer ypperlig her. Gro Henny Mo (49!) er fødd og oppvaksen i Modalen. Ho valgte å busetta seg i dalen når ho og hennar utkåra fekk ungar. Deretter bygde dei seg et draumeslott langs Mobøen og lever no velfortjent livets glade dager - med hummer til middag og seine kveldar i jacuzzi’en på terassen.

For ordens skyld: Underteikna har også blitt passa av Gro Henny som liten. Men håper ikkje “inhabilitet” skin gjennom i teksten..

Om mannen er ute på representasjonsoppdrag og leiar kommunen med stø og myndig hånd i ulike samanhengar eller slapper av på sofaen med ein god film, vil ein mest sannsynlig finna Gro Henny saman med ungar eller på tur i naturen. Ho har vel passa omtrent alt som kan krypa og gå av folk her i området og har gjort livet mykje enklare for både travle og sletne småbarnsforeldre i Modalen, Eksingedalen og omegn opp igjennom åra.

Verdens beste nanny

-Å passe andre sine barn er det ein hobby?, lurar ho på når ho skal svare på kva som er hennar favoritthobby. Det kan me godta. Og det skin gjennom på mange av svara hennar at ho virkeleg elsker å jobba med barn og unge. Både som yrke og privat. -Eg har ofte drømmedag på jobben, for eg elsker jobben min. Kjekke dagar er når eg får vere på avdeling med borna heile tida uten å verte avbrutt av møter eller kontortid, seier ho når ho skal beskriva hennar perfekte dag på jobb. -Eg er flink til å gjere barn trygge og glade, legg ho til. Før ho avslører hemmeligheten bak kvifor det er så lett å bli ekstra glad i ho. -Eg er også god på gjærbakst.

Gro Henny er faktisk kjent for å væra glad. Og ho er et godt bevis på at ein er vakker når ein smiler.

Gro Henny er faktisk kjent for å væra glad. Og ho er et godt bevis på at ein er vakker når ein smiler.


Annonse: Test ut ein av favorittpodkastene til Gro Henny: Spøkelsespodden. Familevennlig grøss for nesten heile familien.


At det er så mykje bra folk i Modalen kan ho nok væra med å takka seg sjølv for, sidan ho har vore med å “forma” mange av innbyggarane frå ung alder. Det er derfor mange som kan takka Gro Henny for gode innspel i oppdragelsen.

Men visste du at ho faktisk ikkje kan være glad heile tida. -Eg kan begynna å grine av triste filmar og når ungane mine reiser langt vekk frå meg, seier ho blant anna.

Om du vil fella ei tåra av svara hennar under veit me ikkje. Men du kan klikka på kvart spørsmål for å lesa dei.

PS: Middagen på julafta avvike for første gang i denne serien.

Forrige
Forrige

Nybakt småbarnsmamma avslører: -Spiser snop i smug for å sleppe å dele

Neste
Neste

Size DOES matter..