Size DOES matter..

Om det var størrelsen på utstyret til sambuaren, Espen som gjorde at Ingeborg Børve (snart 24) blei gravid og flytta til Modalen har ikkje me grunnlag for å meina noko som helst om. Men ein ting er sikkert: utstyret fungerte og Ingeborg er i dag godt integrert i lokalsamfunnet i Modalen. Så lenge snus ikkje blir ulovlig, at det kjem ei lysløypa i Trohaugen og at det er trygt for ungane å veksa opp, vil me anta at ho har ei lang og lys framtid i Modalen.

Harding i Modalen. Midt i vegen.

Harding i Modalen. Midt i vegen.

Størrelsen på utstyret til Espen i ingressen har ei dobbel betydning. Den er tatt litt ut av kontekst frå svara hennar i skuledagboka. Men den er faktisk bygd på at ho drømmer om å kjøpa seg eit stort redskap dersom ho fekk seg ein million. -Større traktor enn Espen, svarer Ingeborg kort og godt om ho skulle brukt opp 1 million på ein dag. I tillegg trekker ho fram “svømmarane” frå Helland som ein hovedårsak til at det vart Modalen på ho. -Immigrerte i frå Hardanger inn til Modalen i 2016. Grunnlaget for at denna immigrasjonen var nok enkelt og greit at det var for sterke svømmera i hellandslekta, seier ho.

Du har ingen sjans

Det mest oppsiktsvekkande ein finn i svara hennar er faktisk kven ho utpeker som sin drømmemann. Det er faktisk ikkje Kong Harald, Brad Pitt, George Clooney, Axl Rose, Tobias Santelmann, David Beckham eller Kjetil Eikefet.


Annonse: Har du fått med deg Spøkelsespodden? Ein familievennlig podcast med fleire iskalde grøss. Nye episoder kvar mandag.


Lik og del om du blir svimmel

Lik og del om du blir svimmel

Ingeborg jobber på Eikefet. Og det verkar som om det er ein fin og variert arbeidsplass. -No jobbar eg med veldig mykje variert, så det kan væra alt i frå å lasta eit lasteskip, til å reparera eit transportband eller sveisa noko rekkverk for eksempel. Veldig kjekk og variert arbeidsplass, seier ho når ho skal beskriva ein vanlig arbeidsdag. Men er ein vanlig arbeidsdag veldig ulik korleis drømmedagen hennar på jobb er?

Ekstra glad i snus

Det verkar som at så lenge Ingeborg har snus lett tilgjengelig, så er ho trygg og i harmoni. - Lett håndterlege ungar og mann, full boks med snus og fint vær, er rett og slett det som skal til for at ho har det ekstra fint i kvardagen. Redsen for at det blir ulovlig med snus er også på lista over hennar største frykt. -Edderkopp med lange ekle bein, høgdar der du føle du kan dette ned, samt å våkna opp til at snus er ulovlig, er svaret hennar her. Og då er det ikkje unaturlig at snus også blir nevnt som ein av hennar guilty pleasure’s. -Snus, i massevis.
Pluss at eg ler når nokon slår seg, seier ho. Så om du slår deg i nærheten av Ingeborg og ho begynner å le så veit du no kvifor.

-Er du klar over kor lang tid det tek å få på seg denne bunaden? Eg måtte også sy inn beltet før eg fekk den på meg, seier Ingeborg når Nese Media ringer på. Men ho er fin då. Pluss at lastebilmannen sikkert fekk noko å lura på.

-Er du klar over kor lang tid det tek å få på seg denne bunaden? Eg måtte også sy inn beltet før eg fekk den på meg, seier Ingeborg når Nese Media ringer på. Men ho er fin då. Pluss at lastebilmannen sikkert fekk noko å lura på.

Om du vil vita meir om Ingeborg, blant anna kven ho ville bytta liv med, favoritthobby, kva ho angrer på og ikkje minst hennar største øyeblikk i dag? Klikk på spørsmåla under for å lesa svara.

Forrige
Forrige

Verdens beste barnepassar. Punktum.

Neste
Neste

Avhengig av stoff og sjokolade