Avhengig av stoff og sjokolade

Hæ? Er Monica Skjelanger Reknes (45) ein tung narkoman, som supplerer narkotikamisbruket med sjokolade og “Breaking bad” for ein endå meir euforisk opplevelse? Det tviler me egentlig på. Men at ho er avhengig av stoff, stoff som i tekstil, for å kosa seg med hobbyen sin er i allefall sikkert.

-Stoff. Altså eg kjøpte stoff som eg skal sy klede til ungane av. Det var på tilbod så eg fekk mykje for pengane, seier Monica om sitt beste kjøp nylig. Ho liker å sy, og meiner sjølv det er ei interesse ho meistrer, stort sett godt. -Kanskje å sy? Eg likar det i alle fall veldig godt, men føler ikkje alltid at eg er så flink til det .

Nei. Det er ikkje statsministeren som jobber med den siste talen sin, men Monica som er glad i å skrive. Og jobber no som freelance-journalist for blant anna Strilen.

Nei. Det er ikkje statsministeren som jobber med den siste talen sin, men Monica som er glad i å skrive. Og jobber no som freelance-journalist for blant anna Strilen.

Monica er busett i Modalen. I bygget som blei brukt til barnehage tidligare. Men korleis havna ho og familien der?

-Godt spørsmål. Me fann ut at tida var komen for å flytte frå heimplassen min på Takle i Gulen. Begge to arbeidde i Modalen, så me tenkte det var greitt å flytte hit. Tre eigedommar var til sals, og den me eigentleg ville ha var det ein med meir pengar enn oss som og ville ha. Så stod me att med to eigedommar. Med fem born, nokre besteforeldre som heldigvis kjem på besøk av og til, tantebarn og bonusbestemor som me og er veldig glad for kjem på besøk og ein del andre som me set veldig stor pris på, så måtte det vere plass til dei og. Då vart det pensjonatet.

Saknet etter utsikta mot fjorden ho flytta frå dukker av og til opp, men det verkar som miljøet i Modalen gjer tapet av Sognefjorden verdt det.

Sjokolade

Er det to ting som går igjen i portrettet med Monica er det stoff og sjokolade. Stoff har me vore innom øverst i denne artikkelen. Men kva med sjokolade? Sjokolade går igjen i 4 av svara. Både blant favorittsnop, guilty pleasure og kva ho hadde kjøpt om ho fekk ein million.


Annonse: Har du fått med deg Spøkelsespodden? Ein familievennlig podcast med fleire iskalde grøss. Nye episoder kvar mandag.


For å bli bedre kjent med Monica anbefaler me å klikke på kvart spørsmål under for å lese blant anna kven ho ville ha bytta liv med for ei veke, kva ho angrer på at ho ikkje har fått gjort i livet, korleis drømmedagen på jobb vil væra og mykje anna.

Forrige
Forrige

Size DOES matter..

Neste
Neste

Motorinteressert pike på Romarheim