Motorinteressert pike på Romarheim

Er det ein ting Monica Holme (34) er glad i, så er det grom billyd, lukta av nylagt asfalt, svidd gummi - og båt. Det er i allefall ein enkel konklusjon å trekke utifrå svara hennar i skuledagboka. I tillegg kjem vi litt innom pappas kjøttboller, Tor Endresen, armhevinger og litt anna som opptar ho om dagen.

-Nokre veker i båt er mitt beste ferietips. For meg er båtturer terapi for sjela, seier Monica Holme. Om ho hadde fått seg ein million hadde ho sporenstreks kjøpt seg et nytt motorisert kjøretøy. -Ny båt, er det korte og presise svaret på det.

Og når ho eventuelt går lei av tid på sjøen, kombinerer ho fritidssyssler som strikking og raske biler som sine hovedinteresser.

Snart er fjorden tom for is. Og om du har ein million til overs som du vil donere vekk til Monica, så kan du væra trygg på at ho kjem til å bruka dei på ein ny båt til seg sjølv.

Snart er fjorden tom for is. Og om du har ein million til overs som du vil donere vekk til Monica, så kan du væra trygg på at ho kjem til å bruka dei på ein ny båt til seg sjølv.

Monica bur på Romarheim. Der har ho budd i 9 år no. Ho er sambuar og har to barn. Til daglig er ho å finna som leiande reinhaldar i Modalen kommune. Men korleis er ein heilt vanlig dag i Monica sitt liv?

Av treningsaktiviteter har ho som mål å ta 10 000 armhevinger før august. Foreløpig uten særlig synlige resultat, sidan undertegna tok ho lett i håndbak for ein måneds tid sidan. Men me skal gi ho litt bedre tid, for om pappas kjøttboller, som er hennar favorittmat slår inn, blir det nok ei umulig oppgave å slå ho når me ser seinsommaren 2021.

Om ho høyrer på favorittsongen sin “Hele Norge danser” med Staysman når ho trener veit ikkje me. For det kan like godt væra ein podcast, Tor Endresen eller Volbeat som tonesetter treningsøkta hennar.

Annonse: Har du fått med deg Spøkelsespodden? Ein familievennlig podcast med fleire iskalde grøss. Nye episoder kvar mandag. 

Om du er nyskjerrig på alt anna om Monica - kan du klikke på kvart spørsmål under.

Liker du dette portrettet? Del og la dinne venner også bli kjent med Monica.

Forrige
Forrige

Avhengig av stoff og sjokolade

Neste
Neste

-Som pensjonist har eg eigentleg drømmedagar kvar bidige dag