-Som pensjonist har eg eigentleg drømmedagar kvar bidige dag

På Helland i Modalen bur Gunnhild Steinsland (78). Der har ho budd sidan 1968, då ho fann seg ein odelsgut ho gifta seg med. Som pensjonert lærar fyller ho no dagane med blant anna biletmåling. Nyleg har ho begynt å måla abstrakt i håp om å “finna seg sjølv”, som ho seier.

Ting gjer seg ikkje sjølv. I tillegg til å måla er Gunnhild også kjempeflink til å strikka leistar/sokkar - i følge seg sjølv (og det trur me ho på. red.anm)

Ting gjer seg ikkje sjølv. I tillegg til å måla er Gunnhild også kjempeflink til å strikka leistar/sokkar - i følge seg sjølv (og det trur me ho på. red.anm)

Det skin gjennom i intervjuet at Gunnhild er ein positiv og glad person. Ho set pris på det nære og naturlege. -Lars Monsen. Så kunne eg få gleda av lange fjellturar, fiska i fjellvatn og bu i telt, er svaret på spørsmålet om kven ho kunne ha bytta liv med for ei veka. I tillegg trekker ho fram ein tur til fjells som eit utmerka ferietips. -Det er enkelt, ikkje dyrt og det gjer så godt for både kropp og sjel.

Kald start på dagen

Kvar dag starter ho med litt morgontrim før ho lager seg frukost. I perioden ein har vore inne i no har det kanskje vore litt kaldt i huset på Helland. -Det kjipaste øyeblikket i dag var nok å breia dyna av seg og kjenna kulden, seier ho. I tillegg til å laga seg frukost var det då naturleg å fyra i ovn og fóra dei pittesmå. -Det har vore kaldt og då er det vanskeleg for fuglane å finna mat, difor er solsikkefrø til fuglane mitt beste kjøp siste månaden, seier Gunnhild.

Gunnhild er begynt å måla abstrakt kunst

Gunnhild er begynt å måla abstrakt kunst

Kva meiner Gunnhild om Modalen?

Gunnhild trivst i Modalen. Og har berre gode ord å sei om staden. Ho er så positiv at ho har eit spesielt ønske dersom ho kunne bestemt ein konkret ting i kommunestyret. -Då ville eg bestemt at alle som jobbar i Modalen også skulle bu her. Då hadde folketalet stige, svarer ho.

På dei litt større spørsmåla viser Gunnhild seg også som ei klok og reflektert dame. -Eg ville svinga tryllestaven og fått alle folk til å respektera kvarandre, tala vel om kvarandre og tyda alt til det beste, er hennar ønske dersom ho kunne bestemt noko som påvirka alle i heile verda.

Om du er blant dei her i verda som kan lesa - så kan du finna ut om ho likar knekkebrød, kva som skal til for at ho skal fella ei tåra, kva favorittmusikken er og mykje anna under ved å klikka på kvart spørsmål.

Liker du dette? Del det gjerne med dine venner.



Forrige
Forrige

Motorinteressert pike på Romarheim

Neste
Neste

Møter våren med to par nye sko og eit håp om yrande liv på Mo